Barn og unge som slit psykisk må få hjelp om sommaren

Interpellasjon frå Jan Kløvstad, Venstre til bystyremøtet 29. august:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Barn og unge som slit psykisk må få hjelp om sommaren

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

20. juli kunne NRK Sørlandet fortelle om fleire barn og unge med psykiske problem som har ringt Alarmtelefonen enn i sommarferien tidlegare år. Alarmtelefonen for barn og unge blir administrert frå Kristiansand. Det handlar om ungdom mellom 13 og 18 år. Årsaken er at mange får problem når det ordinære behandlingstilbodet stenger i ferien.
Det er tragisk å lese om alle dei fortvilte unge som ringer Alarmtelefonen. Dette er truleg ei sak om prioritering. Andre tilbod som for eksempel kirurgi og operasjonar blir jo ikkje stengt om sommaren.
Barn og unge seier at behandlarane har ferie og at dei må vente til over sommeren med å få eit behandlingstilbod. Mange opplever det som tøft og vanskeleg, blir det meldt frå Alarmtelefonen.
Vi veit at feriar og høgtider er ekstra vanskeleg for dei som slit, og det er ikkje rart at Alarmtelefonen får auka pågang. Det er ekstra ille å ha det vondt når resten av verden postar bilde av ferielykke på Facebook, om kor vellykka alt er.
Kan ordføraren gi bystyret eit oversyn over korleis behandlingstilbodet for barn og unge som slit med den psykiske helsa har vore i Arendal i sommar?

Jan Kløvstad
Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**