Eg ser Freddy de Ruiter og Line Vennesland i mange avisinnlegg gjentar Arbeidarpartiets reknestykke om verdens undergang ved eit regjeringsskifte. Høgres kommuneopplegg vil straffe Arendal og belønne Bærum, skriv dei to. Tala dei bruker er godt over 20 millioner i minus for Arendal og over 50 millionar i pluss for Bærum om Høgres modell blir gjennomført. Pussig nok er dette nesten identisk med minus for Arendal og pluss for Bærum nettopp frå Ap, SV og Senterpartiet i statsbudsjetta for 2011 og 2012!
Etter noen år for Venstre i kommunepolitikken har eg lært at det er lite kommunane kan vente av frie pengar frå staten, – utan at det følgjer med minst like kostbare oppgåver som skal løysast. Ofte kan dyre ordningar for kommunane kome heilt utan varsel i valkampar og partiprogram. I november 2010 tok Venstre opp ei nyordning frå den rødgrønne regjeringa i formannskapet og bystyret i Arendal. Vi viste til det fullstendige ulogiske i at kommunar skal straffast for å ha lågt utdanningsnivå, mens det naturlege ville vere å gjere det stikk motsette. Arendal taper 23 millionar i statsstøtte, Vennesla taper 11 millionar, mens ein kommune som Bærum får 52 millionar ekstra som følge av nyordninga i kriteria for støtte til barnehagedrift. Ein arbeidarkommune som Sarpsborg taper 11 millionar kroner. For Arendal og dei fleste nabokommunane vil nyordninga svekke budsjetta kraftig. Regjeringa straffar dei fattige og kommunar med lågt utdanningsnivå. Vi må påverke leiinga i kvar våre parti for å få snudd den nye ordninga frå regjeringa der utdanningsnivået skal styre barnehagetilskotet, sa Venstre. – Med 23 millionar meir til Arendal frå staten kunne vi unngått mange av dei verste kutta i skole, barnehage og omsorg, sa Venstre.
Heilt konkret hadde regjeringa vedtatt:”I forslag til statsbudsjett for 2011 skal totalt 29 milliarder kroner gå fra øremerkede ordninger til kommunenes rammetilskudd. Av dette vil 28,1 milliarder være tilskudd til barnehager.”
Barnehagetilskudd: Kommunene får tilskudd ut fra 1) antall barn i alderen 35 år. 2) antall barn i alderen 12 år uten kontantstøtte. 3) antall innbyggere med høyere utdanning.” Kjelde. Aftenposten, 3.11.2010. Dette blei vedtatt av Ap, SV og SP i Stortinget.
I bystyret fekk Venstre med seg eit stort fleirtal på å protestere mot denne urettferdige ordninga. Berre Senterpartiet, noen i Ap og noen i SV stemte mot kritikken vår av regjeringa. I budsjettet for 2013 har regjeringa retta opp noe av denne grove feilprioriteringa, men ikkje alt.
Dagens regjering har gitt meir til dei rike kommunane og kraftig nedskjering til fattige kommunar med lågt utdanningsnivå. Venstre vil bidra sterkt til å betre kåra for dei som slit i kommune-Norge.
Jan Kløvstad
Bystyremedlem for Venstre i Arendal