Vil ha vrakpant på fritidsbåtar

Venstre vil lokka båtfolket til å ta grøne val når den gamle plastsnekka eller 14-fotaren har gjort sitt på sjøen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Åsta Årøen nær

Foto: Silje England Garshol

— Me trur at ein vrakpant på 2.500 kroner kan vera gulrota som skal til for at folk leverer den gamle båten, framfor å brenna han i fjøra eller søkka han midtfjords, seier Åsta Årøen.

Ein av mange
Ho er 2. kandidat på Hordaland Venstre si stortingsliste. Årøen la merke til oppslaget i Vestnytt laurdag, om båten som vart dumpa og brent ved brua til Svellingen i Øygarden.

— Kvar for seg utgjer kanskje ikkje desse båtane eit stort miljøproblem, men samla vert dette ei stor utfordring for kysten i åra framover, trur Åsta Årøen.

Tal frå miljødirektoratet viser at kring 5.000 båtar vert skrota kvart år. Brorparten av desse «forsvinn» i naturen, mellom anna fordi det finst få mottak og inga ordning for gjenvinning. I den ferske stortingsmeldinga om avfallshandtering vert problemet med manglande retur av fritidsbåtar nemnt, men Venstre ønskjer å få fortgang i arbeidet med å finna ei løysing. I Stortinget la partiet fram forslag om å setja av 52 millionar kroner til ei utvida panteordning.

Finansdepartementet har rekna på at det med ein pant på 2.500 kroner vil kosta 14 millionar kroner for fritidsbåtar, 8 millionar kroner for campingvogner og kring 30 millionar kroner for buss- og lastebilvrak.

Båtvrak 1

Foto: privat

Vil kopiera vrakpanten
— Vrakpant på bilar fungerer veldig bra. Ein stor andel av dei utrangerte bilane kjem i retur. No er det på tide å utvida ordninga, meiner Åsta Årøen.

Det er altså meir enn båtar som vert sett opp i ei fjøre Venstre vil til livs.

— Ei gamal campingvogn langs vegen eller i ein hage er ikkje så fint, det heller, meiner Årøen. Det viktigaste er ikkje det estetiske, men å få bukt med miljøproblemet. Felles for plastbåtar og campingvogner er at dei for ein stor del er bygd av såkalla komposittmaterial, tverrbunden polyester og glasfiber. Lett og sterkt, men vanskeleg å bryta ned. Når dei vert utrangerte, har dei vore eit utfordrande miljøproblem, men Sintef er mellom dei fagmiljøa som no byrjar å finna løysingar.

Forskarar der har utvikla ein kjemisk prosess som skil polyester og glasfiber, slik at desse stoffa kan nyttast om att.

— Med ny teknologi på plass er det viktig at ein følgjer opp med ordningar og mottaksappat. Me er opptekne av å leggja til rette slik at folk ser nytten av å gjera miljøvenlege val i kvardagen, seier Åsta Årøen.

Gulrot framfor pisk
— Men folk dumpar kvitevarer i naturen sjølv om el-kjedane har mottak, og det står mange bilvrak rundt på gardane.

Må det ikkje sterkare lut til enn ein vrakpant for å få inn utrangerte båtar?, spør VestNytt.

— Me vil prøva vrakpant som ei gulrot før det vert aktuelt med lovendringar. Vert det regjeringsforhandlingar etter valet, vert denne og andre miljøsaker viktige for Venstre, seier Åsta Årøen.

Sjå heile saken i VestNytt torsdag 22. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**