Det var brei semje i panelet om at klimakrisa er den viktigaste utfordringa verda står overfor, ei krisa som krev globale løysinger. Breivik var tydeleg på at me som nasjon har dei aller beste føresetnader for å verta ein viktig premissleverandør for teknologiutviklinga som skal medverke til å nå målet om maksimalt to graders temperaturauke på jorda.
Venstre har ambisjonane og viljen til å satsa på å skapa rammevilkår for leverandørindustrien slik at denne kan ta del i det eventyret vi no til dømes ser konturane av innanfor vindkraft i Europa. Staten må mellom anna bidra med midlar til eit stort pilotprosjekt til havs slik at industrien kan få ein heimemarknad til og driva teknologiutvikling på. Her ligg store moglegheiter for Noreg til å skapa kraft og fart mot overgangen til eit fornybart samfunn både nasjonalt og ikkje minst globalt. Det neste industrieventyret kjem innan fornybar industri.
Breivik meinte også at MDG sine framlegg om å leggja ned olje- og petroleumsindustrien var både urealistiske, unødvendige og ikkje minst usolidarisk med komande generasjonar. Urealistisk fordi det også etter 2050 vil vera behov for fossile energikjelder, det vil skapa stor arbeidsløyse og leggja velferdsstaten brakk. Unødvendig fordi vi kan nytta andre verkemiddel for å gje industrien og kapitalen inspirasjon til å gå i fornybarsporet. Usolidarisk fordi me allereie no brukar av komande generasjonar sin formue, og at framtidige pensjonsforpliktingar aukar behovet for inntekter- ikkje reduserer dei.
Debatten synte elles at ei blågrøn regjering vil gjere heilt andre val enn ei blåblå regjering innan klima og miljøpoliltikken. Synet på oljeboring i Lofoten, Senja og Vesterålen, satsing på bane etc er døme på dette.