Venstre med spørsmål til statsråden om Gudvangatunnelen

Avisa “Hordand” skreiv torsdag 15. august om milliontapet som næringslivet, m. a. gjennom reiselivsnæringa, handelsstanden, transportsektoren, opplever kvar einaste dag med stengd Gudvangatunnel. Venstre utfordra difor samferdslestatsråd Marit Arnstad på kva som kan gjerast for å betra høva.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Førstekandidat for Venstre i Hordaland og nestleiar i Venstre, Terje Breivik, peiker på at situasjonen er heilt uhaldbar. – I tillegg til at næringslivet tapar pengar i dag, kan ei vedvarande stenging føra til permanent tap fordi kundane finn alternative leverandørar, ikkje minst gjeld det reiselivet som har lang tidshorisont marknadsmessig, konstaterer Terje Breivik.

Venstres ledertrio i hovedbrosjyren 2013

Foto: Venstre

I spørsmålet til statsråden, spør Venstre:

Kva vil ministeren gjera for å betra på den uhaldbare og fortvilande situasjonen for næringslivet og lokaltrafikken som fylgje av at Gudvangatunnelen er stengd og kan verta stengd i fleire veker til?

I tillegg peiker Venstre på nokre av alternativa som føreligg:

– Døme på avbøtande tiltak kan vera å setja inn ferje over Nærøyfjorden, kolonnekøyring gjennom tunnelen til faste tider – og auka ferjekapasiteten over Hardangerfjorden.

Stortinget

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**