Når Hardangerbrua opnar, blir riksveg 7 Hardangervidda viktigare enn nokon gong, meiner Venstre. Brua inngår i ferjefrie samband både nord sør og aust – vest, og skal ho få full effekt meiner dei at vinterregulariteten over Hardangervidda må betrast monaleg.
I kjølvatnet av stenginga av Gudvangatunnelen såg vi kor viktig Rv 7 Hardangervidda er for aust vest trafikken. Skjer dette vinterstid, kunne vi risikert at alle fjellsamband hadde vore stengde, med dei ulemper og meirkostnadar det ville medført, seier førstekandidat for Hordaland Venstre, Terje Breivik (V).
Genialt med tunnel
Men han meiner det er fleire argument for at vegen over vidda no må bli betre. Dei støttar derfor arbeidet med å få til ei såkalla konseptvalutgreiing for tunnel over Vidda.
Er det omsynet til trafikken eller omsynet til villreinen som vil vege tyngst i denne saka? Det som er genialt med tunnel er at ein får begge deler. Full vinterregularitet og opning for all villreintrekk. Det blir ekstremt viktig å få på plass, svarer Breivik og legg til at også riksveg 13 blir viktig å oppgradera for å få full effekt av brua som i morgon opnar med brask og bram.
Det betyr at vi nasjonalt må jobba, og syta for, at riksveg 13 blir prioritert opp, med gul midtstripe til Odda kombinert med rassikringsmidlar, seier han og peiker på alt det spanande som skjer i Indre Hardanger og Odda med industribedriftene og reiselivet.
No har vi fått Hardangerbrua. Kvifor trur du at Stortinget vil gå inn for endå eit stort prosjekt, som tunnel over vidda er? Eg vil snu spørsmålet på hovudet. Det er tvert imot slik: Når brua først er kome på plass, og vi skal få full valuta for pengane, må vi og følga opp riksveg 7 og riksveg. 13. Det er så mykje som skjer som underbygger det, meiner Breivik.
Viktig for reiselivet
Også på andre sida av fjellet er partiet på offensiven: Vinteropen veg over vidda erogså viktig for reiselivet, på begge sider av fjellet, ikkje minst i øvre Hallingdal, seier stortingskandidat for Venstre i Buskerud, Rebekka Borsch.
Terje Breivik er kan hende den heitaste kandidaten frå Hardanger til å komme inn på tinget. Sjølv meiner han det er viktig for regionen å ha lokale folk i Norges maktsentrum. Kor viktig er det eigentleg. De har jo programfesta politikk? Eg trur det er viktig. Vi har lokal kjennskap og identitet og kan lokalpolitikken i alle kommunane på tvers av parti. Det er låg terskel for å ta kontakt med dei. Det er viktig både internt i eige parti og i neste omgang jobba tverpolitisk på Stortinget, trur han.
Begge dei to kandidatane snakkar varmt om tunnel på vidda: Planane om ein samanhengande tunnel under vidda, verkar svært spennande. Vert det realisert vil det sikra både full regularitet året rundt og opna opp alle viktige trekkruter for villreinen.
EIVIND DAHLE SJÅSTAD
[email protected]