– Terje Breivik var i Bladet Sunnhordland med dette Onsdag 28. August.
Tilgong på kapital tidleg i oppstartsfasen, samt prosjektstønad/leiing og i tillegg god kommunikasjon med det lokale næringslivet er suksesskriteria for å skapa nye arbeidsplasser.
Utfordringane til næringsparkar og næringsutvikling er tilgong på kompetanse og kapital, her hadde Venstres nestleiar med seg en plan for å gjera slike prosesser lettere. Eksempel på det er KapitalFUNNordning, liknande som SkatteFUNN.
Tema som var diskutert var forenkling av byråkratiske prosessar i Innovasjon Norge og tilgong på risikokapital var det som ble dratt frem som svært avgjerende for fortsatt næringsutvikling i sunnhordland. Sosial tryggleik for nyetablerere og næringsdrivende vart ikkje diskutert sjølv om Terje Breivik nemnde det som viktig for tryggleiken til dei som startar opp næringsdrift i Norge.
Det er i hovudsak i oppstartsfasen at ein har den kritiske perioden for nye verksemder. Venstre ynskjer å endra modellen til at ein går inn med stønad tidlegare i prosessen, for å hjelpa verksemder til å få tinga til å gå rundt tidlegare. Det er mange gode idear og motivasjon som går tapt på ein alt for krevjande og uoversikteleg oppstartsfase, og erfaring visar at jo tidlegare ein er inne med assistanse, jo fleire verksemder kjem seg over knoppskytings-kneika og kan verta solide arbeidsplassar og produkt- og tenesteleverandørar.
Etter møtet gjekk Terje Breivik over til NHO-møte på Kværner, der samtlege av dei som er potensielle «hordalandsbenken» politikere for de neste 4 år, var invitert.