Kunnskap vi skal leve av

Kunnskap er grunnlaget for samfunnsframgang. Det er basis for eit konkurransekraftig næringsliv, trygge arbeidsplassar og generell velferd. Utnyttar vi handlingsrommet, vågar vi å prioritere, spør forskar og kronikør Gustav Fystro.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Produksjon av kunnskap på eit tilstrekkeleg nivå er avhengig av langsiktige strategiar og satsing i ei ubroten kjede. Den må starte med eit godt utdanningssystem og fullførast med banebrytande utvikling og forsking. Noreg står i ein særskilt posisjon, med ein unik sjanse til å priorere. Oljen åleine kan ikkje bli framtida.

Ein god skule er fyrst og fremst avhengig av kvalifikasjonane til lærarkreftene. Derfor må det til ei satsing på læraren. Det betyr styrking av grunnutdanning og ei systematisk etter- og vidareutdanning. I tillegg må det vera eit kritisk blikk på tidsbruk slik at aktivitetar som hindrar effektiv utnytting av lærarressursen blir luka ut.

Vi treng ein skule som kan dekke næringslivets behov for realfag og teknologiske fag. Den må også vera brei nok til å sikre utvikling av kritisk tenking og evne til å sjå komplekse samanhengar, og den må motivere dei kreative kreftene.

Norge ligg på snittet blant land i OECD når det gjeld offentleg finansiering av forsking, mens næringslivet bidreg med halvparten av gjennomsnittet. Samanlikna med våre nordiske naboar ligg vi på ein klar jumboplass i forskingsfinansiering. Dette er ikkje ein strategi for «månelandingar» i framtida. Lange kvileskjær er heller ikkje til hjelp for konkurranseutsett næringsliv på sikt.

Oppbygging og vedlikehald av spisskompetanse i forskinga er avhengig av langsiktig satsing. Styrking av forskingsmiljøa sine grunnbudsjett er ein nøkkelfaktor for å hindre forvitring av slik kostbar og tidkrevjande oppbygd kompetanse. Det er denne som gjev konkurransekraft i forskinga, og som kan sikre grunnlaget for kontakt mot internasjonale forskingsnettverk der viktig kunnskap blir utvikla.

I fri forsking ligg ein viktig motivasjon for kreativitet og utnytting av spesialkompetanse. Dette blir i dag utfordra gjennom sterk styring av offentleg finansiering, samt ei forståeleg marknadsretting frå næringsliv. Fri forsking er avhengig av grunnbudsjett, og må opp.

Ei stimulering til auka satsing på forsking frå næringslivet er avgjerande for kva vi skal leve av i framtida. Dette kan gjerast gjennom skatteordningar og direkte tiltak for å lette tunge kostnadar ved ein høgare forskingsintensitet.

Vi må også ta høgde for at vi i Norge har eit næringsliv som har småskalapreg. Det trengs derfor forskingsmiljø som kjenner dei lokale utfordringar i næringane. Strategiar for å utvikle direkte kontakt mellom næring og forsking må til, då kan vi også sikre utvikling av relevant kompetanse.

Stem for vilje til handling, stem Venstre!

Gustav Fystro
Valdres Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**