U864 Folk først

«Gifta spreier seg når ingen tar eit val», var sluttorda i Brennpunkt-reportasjen på NRK 1 tysdag, 30.4.
Den viktigaste oppgåva for styresmaktene i eit land er å skape tryggleik for folk. Ein sentral del av denne tryggleiken er at vi kan ferdast i rein natur, luft, jord og vatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Brennpunkt-programmet illustrerte ei vanskeleg sak, men framstillinga viste og ein parade av topp-politikarar som ikkje har villa ta ansvar. I staden for å ta avgjerd når ekspertane har sagt sitt, har dei valt å skyve stadig nye fagmiljø og utgreiingar framfor seg.

Aksjonskvinne var nok litt uttrøyta av alle lovnadane, og av alle dei gilde politikarar-besøka. Dei hadde likevel litt pågangsmot att, men 10 år med utgreiingar hadde ikkje gjort dei tryggare. Framtida for barn og barnebarn, for Fedjesamfunnet, for Vestlandet og Nordsjøbassenget ligg framleis i kvikksølvskuggen frå siste verdskrigen.

Fleire utgreiingar har vist at det let seg gjere å fjerne kvikksølvet. Folk på Fedje og på heile Vestlandet har bedt om det. Styresmaktene har svara med nye utgreiingar, i 10 år!
Prøvene frå botnen ved vraket viser no aukande giftkonsentrasjon. Kven har ansvaret for at denne utviklinga ikkje er stoppa? Ikkje få kommenterer saka slik: Hadde denne gift-ubåten ligge i Oslofjorden, hadde han vore borte for mange år sidan. La ikkje slike tankar få grobotn.

Blir det eit systemskifte til hausten, og Venstre blir med og tar ansvar i den nye regjeringa, skal U864 problemet fjernast. Vi verken kan eller vil ha nye utsetjingar. I Løpet av neste stortingsperiode må ein kunne friskmelde havområda ved Fedje.
Set folk først. Skap tryggleik!

Austrheim Venstre

Innlegget stod på trykk i Strilen 01.05.2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**