Når lokaldemokratiet blir trua!

Det er alvorleg når ein bedriftsleiar truar ei politisk ombodskvinne, i dette tilfellet, leiaren i kontrollutvalet i Austrheim kommune, fordi ho gjer jobben sin. Bedriftsleiaren, Odd Arne Blindheim, varslar eit oppgjer med henne i eit intervju i Bergens Tidende, 4.5.2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det er utruleg at ein bedriftsleiar som har eit omfattande, og nært forhold til Austrheim kommune, politisk og administrativt, karakteriserer kravet frå eit samrøystes kommunestyre om tilbakebetaling av feilutbetalte 3.57 millionar kroner som «tullete».
I BT-journalist Magnus Aamo Holte sitt intervju står: «Han (Odd Arne Blindheim, dagleg leiar i Breidvik Eiendom) mener saken kan gå ut over troverdigheten og omdømmet til bedriften, og varsler et oppgjør mot kontrollutvalgets leder, Solveig Hopen fra Høyre». Og vidare » Det er hevet over enhver tvil at det blir en reaksjon fra vår side. Det vil naturligvis få konsekvenser, uten at vi så langt har vurdert hvilke.»
I avisa Nordhordland 11. mai hevder Blindheim videre «at Kontrollutvalget har gjort en elendig jobb».
I Bergens Tidende 14. mai, overskrift: «Kontrollører trues med søksmål» forsterker han truslene.
«vi vurderer sterkt å kreve å kreve erstatning og oppreisning, og da i første omgang mot [b]kontrollutvalgets leder
. »
Kommuneloven, som på mange vis kan reknast som lokaldemokratiet si grunnlov, dreg opp prinsippa for den lokale styringa: makt og kontroll. Kontroll med forvaltinga vert utført av kommunerevisjonen og av kontrollutvalet. I tillegg har Fylkesmannen tilsynsplikt med at det som går føre seg i kommunane, fylgjer lovene.
I denne saka har alle kontrollutvalet sine vedtak vore samrøystes, så Blindheim trugar heile utvalet.
Kontrollutvalet er oppnemnd av kommunestyret og ansvarlig overfor dei. I prinsippet er det dermed kommunestyret Blindheim trugar!
Korleis bør ein reagere når ein politisk vald ombodsperson i den kommunale forvaltinga blir trua i samband med hennar pålagde oppgåver? Hadde det vore naturleg at ordføraren, vår fremste tillitsvalde, slo ned på ein slik mangel på respekt for dei prinsippa og lovene ein kommune må og skal fylgje? Ordfører er leiar for kommunestyret, som har oppnemnd kontrollutvalet.

Eit resultat denne saka kan få, er sjølvsagt mindre lyst blant vanlege folk til å stille til val i styre og stell. Om det vert resultatet, er LOKALDEMOKRATIET ENDÅ MEIR TRUA!

Austrheim Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**