Forskning og utvikling – ja, takk!

Våre gode vener og partifeller i Oslo vil stoppe FOU-satsinga på Mongstad. Vi er sjokkerte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I statsbudsjettet for 2013 er det avsett over 3 milliardar kroner til vidare arbeid med CO2-handtering på Mongstad. Ein stor del av desse pengane vil gå til teknologisenteret, TCM.
Mongstad har i fleire ti-år vore motoren i industriutviklinga i Nordhordland. Eit avansert oljerelatert miljø har utvikla seg og gitt svære ringverknader.

No er eit internasjonalt forskningsmiljø i ferd med å vekse fram i vårt nærområde. TCM skal finne betre og billegare metodar for å reinse CO2. Kunnskap skal delast med andre land og andre olje/gassrelaterte bedrifter. Både norske og franske miljø er i gong med testarbeid. Vi har ikkje lov til å vente på at andre skal gjere jobben for oss. Pengane finst. Betre reinsemetodar må på plass.
Det er vanskeleg å vite kva eit slikt FOU-miljø vil tilføre, men storleiken på løyvingane seier noko om potensialet, i nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Det er ofte usikkert å slå fast, på førehand, kva forsking og utviklingsarbeid kan bidra med av ny kunnskap og nye metodar. Det er jo nettopp difor vi må drive forsking, for å få vite meir, for å teste ut teoriar og hypotesar.

Mongstad har vore eit pengesluk, og vil truleg fortsette med det. Kva har vi fått igjen i arbeidsplassar og utvikling for Hordaland, Vestlandet og Norge? Truleg ser vi dette betre her vest enn i Oslo. Derfor vil Austrheim Venstre alt no seie klårt frå at vi støttar vidare satsing på TCM og på Mongstadmiljøet.
Forslaga Venstre har foreslått i sitt alternative budsjett er gode. Dei bør og truleg realiserast, men å stoppe ei utvikling på Mongstad, vil vere feil, etter vår meining. La oss dra i same retning. Vi kan lansere nye prosjekt, men å legge ned ei satsing det er lagt så mye kunnskap og kompetanse i, blir etter vår meining feil.
Universitetet i Bergen er med. Det bør og sikre kvalitet og samanheng. For oss tel og omsynet til Austrheim vidaregåande skule mykje. Ei rasering av utviklinga på Mongstad vil ramme distriktet vårt på alle vis. Her trur vi på eit fornuftig fleirtal på Stortinget.

Kanskje dei kan ta U864 med det same.

Austrheim Venstre
Liv Ulvøy
Terje Dyrnes

Innlegget stod på trykk i Strilen 01.11.2012

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**