Austrheim Vidaregåande skule skal bestå og vidareutviklast

I desember i år, skal fylkeskommunen ta stilling til den framtidige strukturen for dei vidaregåande skulane i fylket. I løpet av hausten skal mellom andre, skular, kommunar og politiske parti komme med kommentarar til den skulebruksplanen som no er ute til høyring. I dette utkastet til plan, utarbeidd av eit konsulentselskap, er det foreslått nedlegging av Austrheim vidaregåande skule, AVS.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det er naturleg å sjå innom fylkeskommunen sine nettsider for å finne ut kva for retningsliner det der skal styrast etter. Dette er strategiar som er diskuterte i fylkestinget og samrøystes vedtekne.
Vidaregåande skular er uløyseleg knytte til busetnad, næringsutvikling og trivsel, så og med AVS. Kva meiner fylkeskommunen om dette:
«Hordaland fylkeskommune skal legge til rette for ei god regional næringsutvikling, som sikrar sysselsetting og verdiskaping i alle delar av fylket.»

«Næringsseksjonen har ansvaret for dei prioriterte satsingane innan næringsretta kompetanse, entreprenørskap og innovasjon, internasjonalisering og livskraftige lokalsamfunn. Det er særlig vektlagt at satsinga på livskraftige lokalsamfunn skal medverke til betre høve for bulyst og næringsutvikling i fylket.»

Kan ei grunngjeving for å satse på og vidareutvikle AVS formulerast klårare? Austrheim Venstre er her heilt einige med fylkeskommunen. Seksjonsleiaren, Mette Nora Sætre, har her eit program for å satse på AVS.
Ein dynamisk vidaregåande skule i vår del av fylket er framtidsretta av fleire grunnar:
– Eit av det mest dynamiske og mangearta bedriftsmiljøa i fylket finst i Mongstadområdet og samarbeidet mellom skule og bedrifter er nært og lettvindt.
– Austrheim er eit naturleg knutepunkt for elevane i Austrheim, Fedje Masfjorden, Gulen, Solund og Nordre Lindås, mindre pendling, færre på hybel.
– Å legge ned AVS vil føre til uoversiktlege og negative strukturendringar, t.d. innanfor demografi og busetting, gamlisane blir, ungdommen blir borte.
– Fylkeskommunen vil satse på kulturisme og naturbasert utvikling. Vår region har det som skal til her, mellom anna ein nyetablert næringshage.
Austrheim Venstre og Austrheim Unge Venstre tok initiativ til eit møte om AVS, på AVS, sist vinter. Der blei det slått fast av fylkesvaraordføraren frå Venstre, Mona Hellesnes og leiaren i fylket sitt skuleutval, Roald Stenseide frå Framstegspartiet, at det skulle satsast vidare på Austrheim Vidaregåande skule. Inntil vidare stolar vi på at dei ikkje talar med to tunger.

Austrheim Unge Venstre og Austrheim Venstre
Liv Ulvøy, leiar

Innlegget stod på trykk i Strilen 11.08.2012

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**