Det er deilig å vere liberal – på bygda!

– Mange likar å framstille Venstre som eit urbant parti — med negativt forteikn. Det er rett at Venstre har mange veljarar i dei store byane, men det tyder slett ikkje at liberal politikk er negativt for bygdene. Tvert imot, skriv Sveinung Rotevatn i siste utgåva av medlemsbladet til Norges Bygdeungdomslag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Liberale parti gjer det generelt godt i den urbane, unge og høgt utdanna delen av befolkninga. Det gjeld i aukande grad også norske Venstre. Samstundes som Venstre har gjort det stadig betre i storbyane (7-9 prosent i Oslo dei siste vala), har ein stort sett halde skansen i dei tradisjonelle kjerneområda på Vestlandet. Etter Oslo (8,2 %) var Venstres beste krinsar i 201-valet Møre og Romsdal (7,5 %) og Sogn og Fjordane (7,4 %). Ser ein på bakgrunnstala bak det gode lokalvalresultatet på 6,3 prosent, kan ein på mange måtar konkludere med at Venstre gjorde det gamle Ap-slagordet «by og land, hand i hand» til røyndom. Venstres beste valresultat finn vi då også i den typiske distrikskommunen Eid, der venstrelista (som underteikna var ein del av) fekk 44 prosent av røystene.

Flust med urbane folk på bygda

Kva er det så som gjer at så mange bygdefolk (meg sjølv inkludert) stemmer på dette verdiliberale partiet som snakkar så mykje om InterCity-triangelet, frihandel og europeisk samarbeid? Grunnen er sjølvsagt først og fremst at Venstres politikk for betre miljøvern, human asylpolitikk og meir kunnskap i skulen er like viktig for heile landet. Dessutan, som Trine Skei Grande plar seie, finst det flust med urbane folk på bygda.

Eg vil likevel trekke fram nokre særlege punkt i Venstres politikk som ikkje berre er bra for heile landet, men som er særleg viktige for å sikre at vi skal ha eit levande distrikts-Noreg. For å sikre at det er mogleg å ha hjarte og adresse på same stad.

Må tenkje nytt

For det første går Venstre til val på ei omfattande kommunereform, der vi ønskjer å desentralisere mykje av den makta staten har i dag. Dagens kommunestruktur vart fastlagt på 60-talet, og dei enorme endringane som har skjedd innan samferdsle og kommunikasjon sidan den gongen gjer det heilt nødvendig å tenkje nytt. Fordi dei reelle bu- og arbeidsområda i Noreg ikkje stemmer med kommunegrensene, har det utvikla seg ein skog av såkalla interkommunale samarbeid — utanfor reell folkevald styring.

Enklare å flytte tilbake

Og apropos tenester: Med større kommunar blir det langt enklare for utflytta ungdom med høgare utdanning å flytte heim att til mange spanande jobbar og solide fagmiljø. Det er rett og slett ikkje så mange som ønskjer seg ei 21,7 prosent-stilling som kulturkonsulent.

For det andre fører Venstre ein næringspolitikk som gjer det lettare for folk å starte si eiga bedrift, og som gjer det enklare for små og mellomstore bedrifter å lukkast. Slike bedrifter er sjølve ryggrada i næringslivet på bygdene. Difor ser Venstre med uro på at talet på unge gründarar går ned, og at bedrifter som ikkje går med overskot framleis må betale den særnorske formuesskatten. Betre sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande, og betre rammevilkår for bedriftene, sikrar verdiskaping i heile landet.

Framtidsretta landbrukspolitikk

For det tredje fører Venstre ein landbrukspolitikk som ikkje premierer dei store, industrielle bruka på det sentrale Austlandet, men som tvert imot premierer dei bøndene som ønskjer å utnytte skrinne ressursar, ta vare på kulturlandskapet og drive produksjon av kvalitetsprodukt som vert foredla på eigen gard. Dagens landbrukspolitikk vert diverre ført på industrilandbruket sine premiss, i staden for å ivareta genuine fellesverdiar.

Oppsummert fører Venstre ein politikk som er bra både for by og land. Difor gjer vi gode val i Oslo — og difor gjer vi gode val på Nordfjordeid. Det er definitivt godt å vere liberal på bygda. Og det er godt for bygda med liberal politikk.

—-

Kronikk på trykk medlemsbladet til Norges Bygdeungdomslag, nr. 2/2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**