Ungdomskandidaten: Vebjørn Halvfjerdvik

Vebjørn har vore medlem i Unge Venstre og Venstre sidan 2010. Han var mellom anna med å starte Haugaland Unge Venstre og leia ein periode lokallaget før han vert valgt inn i fylkesstyret i Rogaland Unge Venstre. No er han ungdomskandidaten til Rogaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Ungdomskandidat Vebjørn Halvfjerdvik

Ungdomskandidat Vebjørn Halvfjerdvik
Foto: Mari Halvorsen

Brenn for dei svake
Vebjørn brenn for dei svakaste i samfunnet. Han ynskjer å skape eit tryggleiksnett, slik at ingen fell utanfor samfunnet. Dette oppnår ein berre ved å sette enkeltmenneske føre system, det vere seg born, homofile, asylsøkjarar eller rusmisbrukarar. Alle har det same menneskeverdet, og fortener dei same rettane til å leve verdige liv.

Opptatt av kunnskap
Kunnskap er ifølge Vebjørn nøkkelen til å løyse utfordringane me står ovanfor i dag. Derfor vil han styrke skulen ved å gjere lærarutdanninga femårig, slik at lærarane får eit ekstra år til å fordjupe seg innføre faga sine. I tillegg vil han sikre plikt og rett til etterutdanning av lærare.

Personleg
Vebjørn er elev ved Skeisvang videregående skole i Haugesund, der han går musikklinja. Han bur i Øvre Vats i Vindafjord kommune, og jobbar som vikar på Vindafjordtunet sjukeheim ved sida av skulen

Følg Vebjørn på Twitter

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**