Ap hindrar utvikling i Sogn og Fjordane

Sveinung Rotevatn (V) meiner at Nils P. Støyvaog Ap med sitt standpunkt om traséval for E39 i Nordfjord hindrar at statlege vegmidlar fløymer inn i Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Av: GEIR IVAR L. RAMSLI (FIRDA)

Sveinung rasar

Foto: FIRDA

Nils P. Støyva og Arbeiderpartiet brukar makta si til å skape splid i Nordfjord og resten av fylket, i staden for å forsøke å finne samlande løysingar, seier stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn, til Firda.

Propp i badekaret

I eit debattinnlegg i dagens Firda (sjå side 10—11) nyttar Rotevatn sterke bilete når han skildrar sine politiske motstandarar som vil ha omkamp om kvar E39 skal krysse
Nordfjorden. «Berre éin gjenstridig propp står igjen og hindrar ein flaum med statlege vegmidlar i å skylje inn over Sogn og Fjordane. Diverre heiter proppen Nils P. Støyva, og han har Bjørn Lødemel som backup.» Rotevatn syner til samferdsleminister Marit Arnstad som òg ønskjer at E39 skal krysse Nordfjorden mellom Lote og Anda, og at Arnstad skal ha tilbydd Sogn og Fjordane 400 millionar kroner ekstra til Olden— Innvik, pluss at fylkesvegen mellom Byrkjelo og Stryn skal gjerast om til riksveg. Forslaget føreset at midtre linje vert vald.

Stolar på Arnstad og Sp

— Eg oppfattar tilbodet frå Arnstad som reelt, og oppfattar det slik at ho har støtte i regjeringa både for ekstraløyvinga på 400 millionar kroner i nye friske pengar til Olden—Innvik, og for omklassifisering av vegen mellom Byrkjelo og Stryn til riksveg. Elles trur eg regjeringspartnarane SV og Ap ville gått ut og sagt at dette ikkje var aktuell politikk, seier Rotevatn. — Fylkestinget har vedteke at E39 skal krysse Nordfjorden over Lote—Anda, og det vedtaket bør både Arbeiderpartiet og Høgre respektere. Med å ta ein omkamp på trasévalet stadfestar Høgre og Arbeiderpartiet alle fordommar om at Sogn og Fjordane er eit kranglefylke det kvar mann sit på sitt nes og kjempar for sitt.

Støyva og Ap sit med nøkkelen

Rotevatn meiner at Arbeiderpartiet nyttarmakta si til å skape splid, i staden for å finne samlande løysingar på bakgrunn av vedtak fatta på fylkestinget. — Det kviler eit stort ansvar på Nils P. Støyva i denne saka. Den omkampen Arbeiderpartiet og Høgre no tek, resulterer i dårleg omdømebygging for Sogn og Fjordane, og skaper inntrykk av eit fylke i stagnasjon, og med politikarar som ikkje har visjonar for kva vegval dei skal ta, avsluttar Sveinung Rotevatn.

Dette stod på trykk i FIRDA, 23.juli 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**