Proppen i badekaret

Berre éin gjenstridig propp står igjen og hindrar ein flom med statlege vegmidlar i å skylle over Sogn og Fjordane. Diverre heiter proppen Nils P. Støyva, og har Bjørn Lødemel som backup.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Striden om framtidig traséval for E39 gjennom Nordfjord har låst seg heilt fast. Etter at dei fleste partia før valet signaliserte eit ønskje om midtre trasé og fjordkryssing over Lote-Anda, trudde mange at saka var grei. Så byrja fleire parti å springe frå løfta sine før saka skulle opp til handsaming i fylkets øvste politiske organ. Likevel konkluderte fleirtalet i Sogn og Fjordane fylkesting til slutt med at midtre trasé var den mest framtidsretta løysinga.

Så, like etter at Kvisvegen var opna, valde stortingsrepresentant for Høgre og tidlegare Hornindals-ordførar Bjørn Lødemel å snu tvert om i saka, og gjekk for indre alternativ gjennom Stryn og Hornindal. Saman med fylkesleiar i Ap og tidlegare ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, har han no vorte den tydelegaste talsmannen for indre alternativ. Regjeringa har utsatt avgjersla i fleire månadar — og der står saka. Utan ei avgjersle om traséval, inga E39-utbyggjing.

An offer you can’t refuse

Firda har dei siste vekene avdekka at samferdsleminister Marit Arnstad, som ønskjer midtre alternativ, er klar til å stille opp med 400 millionar kroner til opprusting av Olden-Innvik — og gjere strekninga Byrkjelo-Stryn til riksveg. Det einaste som no i realiteten hindrar brukryssing over Nordfjord, opprusting i indre og ei avgjersle i E39-saka er Nils P. Støyva og Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Dette er ein tragedie. Ikkje berre for Nordfjord, men for heile fylket. Dersom staten vil forplikte seg til ei forsert opprusting av E39 gjennom fylket, brukryssing over Nordfjord og i tillegg overta ansvaret for fylkesvegen i indre Nordfjord, vil dette frigjere enormt med midlar til opprusting av andre vegar i Sogn og Fjordane. Dette er midlar som er sårt tiltrengt, og som til dømes kan sikre albogerom til ei ordentleg satsing på kystvegen, Førdepakken eller opprusting av fylkesveg 57. Friske midlar frå staten, kombinert med brukarfinansering, kan legge grunnlaget for robuste vegpakkar som kan løfte infrastrukturen i dette fylket opp til eit heilt nytt nivå.

Ei rask avklaring av trasévalet i Nordfjord vil også sikre full fart i E39-utbyggjinga sør i fylket, der ein etter mitt syn burde køyre fram heile utbyggjinga Lavik-Skei som eit samla prosjekt med kontinuerleg utbyggjing.

Sveinung rasar

Foto: FIRDA

Ta imot milliardane

Dette badekaret av ei samferdslesatsing står med andre ord klart til å skylle over Sogn og Fjordane — berre proppen Nils P. Støyva vil gje etter. Og skjer ikkje dette før valet, kan vi risikere å få ein ny propp frå indre Nordfjord som tek plass over sluket. Rett nok brukte Bjørn Lødemel heile førre valkamp på å profilere kampen mot kraftlinjeutbyggjing i heimkommunen, ei sak det viste seg at han stod ganske åleine om i partiet sitt, men når han no seier at Høgre ønskjer indre trasé kan vi ikkje anna enn å tru at det stemmer. Det vil i så fall seie ytterlegare utsetjing av ei viktig avgjersle for fylket.

Det er no trong for at det politiske miljøet i fylket samlar seg, stikk fingeren i jorda og ser framover. Vi kan ikkje la brotne løfte, vikarierande motiv og omsyn til eigen heimkommune hindre ei historisk opprusting av vegnettet i Sogn og Fjordane. Det er på tide å lytte til fleirtalet i fylkestinget, velje midtre trasé og ein gong for alle avløyse ferjesambandet Lote-Anda med ei bru som vil knyte regionen saman. Det er på tide å ta imot tilbodet frå samferdsleministeren om ei historisk opprusting av vegnettet i Indre Nordfjord. Og det er på tide å avslutte revirkampen mellom dei politiske partia og la staten gje oss samferdslemilliardane den nærast tryglar oss om å ta imot.

Sveinung Rotevatn, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Denne kronikken var på trykk i Firda 23. juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**