Fifty Shades of Grey

Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane er for dårleg. Ulike nyansar av grått som bøyer hovudet for makta, og ikkje tener fylkets interesser. Etter valet bør gråfargen supplerast med ein klar og tydeleg grønfarge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Peder Lofnes Hauge, landsmøte

Foto: Jo Straube

Den niande september er det igjen val til nasjonalforsamlinga. Stortingsbenken til Sogn og Fjordane skal fyllast opp med representantar som skal tale vår sak. I dag har vi fem representantar, men den nye mandatfordelinga gjev oss berre fire etter valet. Dette stiller enda større krav til kvaliteten på og gjennomslagskrafta til dei fire som denne gongen får reise over fjellet.

Grå og forsiktige – bøyer hovudet for makta
Kven desse fire blir får vi vite valnatta, og valkampen er allereie i gong. Partistand og parti-t-skjorter er synlege i gatene. Sittande stortingsrepresentantar frekventer heimlege aviser med politisk rekneskap, dystre skremmebilete, og slår seg på brystet etter fire år på Løvebakken. Sist sett for nøyaktig fire år sidan. Sjølv synes eg det er fint å bli mint på kven somme av dei er.

For dei er trass alt frå Sogn og Fjordane, og gjer ikkje så mykje ut av seg. «Her i fylket slåst vi med kvarande, men når Makta kjem, bøyer vi hovudet for stjernene», skreiv avisa Firda då representantar frå Regjeringa vitja Arbeidarpartiet sitt fylkesårsmøte. Vi bøyer nok hovudet for makta i Stortinget også, og vi går nok så alt for stille i maktas korridorar.

Både banksjef Arvid Andenæs og kulturforskar Georg Arnestad har siste tida peika på kva dette fylket treng: Ein ny høvding som kan tale distrikta og Sogn og Fjordane si sak. Ein ny Arne Rettedal eller Kjell Oppseth. I møte med makta må ein sette hardt mot hardt, til skilnad frå i dag der «Sogn og Fjordane-delegasjonen klumpar seg saman i ein unnseleg krok under Høgre-landsmøta», som Arnestad skriv på bloggen sin.

«Stortingsfolk frå fylket seier sjeldan noko som provoserer eller utfordrar til nytenking. Resultatet blir Fifty Shades of Grey — men minus erotikken», skreiv Firda-journalist Helge Johnsen i ein kommentar i september i fjor. Det siste skal vi kanskje vere glade for, men det første bør uro kvar og ein av oss. Vi treng ein stortingbenk som er noko meir enn «grått i ymse fargar». Vi treng ei tydeleg stemme — helst ein frisk og klar grønfarge.

Den grønfargen heiter Sveinung Rotevatn, førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre. Han har det vi etterlyser og så sårt treng, men som vi kvart fjerde år vel vekk til fordel for lydige stemmekveg.

Rotevatn
Sveinung Rotevatn har tre år bak seg som leiar i Unge Venstre, og møter i sentralstyret i Venstre. Her nyt han stor respekt og han har tyngde både internt i partiet, og i den offentlege samfunnsdebatten. Og der somme tilsynelatande tener andre fylker sine interesser i valet av E39-trasè er han og Venstre klokkeklare på Nordfjorden bør kryssast der han gjev størst regional nytte — med bru ved Lote-Anda.

Dei neste fire åra blir på somme områder akkurat som dei føregåande. Uavhengig av regjering er det ein stadig kamp om prioriteringar i transportplanar, og i statsbudsjett. Sogn og Fjordane får fire representantar med i denne fire år lange kampen. Då er første bøyg å vinne fram i eige parti, deretter i forhandlingar. Skal ein klare dette treng ein politisk kjøttvekt, i alle fall om ein skal kunne stå med rak rygg å be om veljarane sin tillit fire år etterpå.

Arbeidsplassar, vekst i næringslivet eller vegmidlar kjem ikkje av seg sjølv. Neste år får fylket 58 millionar mindre til vegvedlikehald. Fordelinga av mellom anna vedmidlar skal no i større grad vektast etter folketal. Og vi er tilbake til utgangspunktet for mandatfordelinga: vi er for få folk i dette fylket — som gjev oss for få stortingsrepresentantar, og om desse ikkje når fram blir vi som fylke hengane igjen.

Sveinung Rotevatn på LPN 2013

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Vi treng representantar som kan banke i bordet og krevje vår del av den veksten som vi veit kjem i t.d. petroleumsnæringa. Som kan krevje at statlege arbeidsplassar kjem til Sogn og Fjordane like gjerne som til Oslo. Som kan flytte makt og oppgåver ut i distrikta, og motverke den sterke sentraliseringa som vi i dag er passive tilskodarar til.

Politikkens vegar er uransakelige. Europavegar bør vere ferjefrie.
Stiller ein til val for ein fire år lang kamp for Sogn og Fjordane bør ein begynne med å takke ja til vegpengane regjeringa no ber oss ta i mot. Høgre og Arbeidarpartiet sine kandidatar takker pent nei — både til å erstatte ferjesambandet Lote-Anda med bru — og til den store veg-pakken — som begge vil tene Sogn og Fjordane. Igjen bøyer vi hovudet for sterke krefter og risikerer å bli ståande igjen som taparar, medan Møre og Romsdal sikrar seg størst mogleg regional nytte av E39.

I Venstre ser vi at det er eit stortbehovfor større bu- og arbeidsmarknads-regionar i Sogn og Fjordane, og konlfikter om flyplassar, vegar og skular riv fylket vårt frå kvarandre. Det er på høg tid med brubygging. Både i ordets rette forstand og i overført tyding. Ei bru frå Lote til Anda kan gje regional nytte og dempe konfliktnivået.

Skal vi få på plass denne treng vi sterke stemmer frå Sogn og Fjordane, og ikkje folkevalde som let Framtidsfylket henge att i fortida.

Peder Lofnes Hauge
Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**