Ynskjer femårig lærerutdanning

Venstre ynskjer femårig lærerutdanning på Stord – og får støtte frå rektor på Høgskulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Mathias Fischer

Foto: Jin Sigve Mæland

— Å utvida lærarutdanninga frå fire år til ein femårig mastergrad vil gje høgare status og betre lærarar, seier Mathias Fischer, tredjekandidat til Stortinget for Hordaland Venstre.

Fischer peikar på at Høgskulen Stord/Haugesund har hatt fråfall på heile 41,7 prosent (2010), noko som er 16,7 prosent over gjennomsnittet.

— Proppen sit i lærarutdanninga. For å få fleire og betre lærarar må me heva statusen på yrket. Då må også lærarane ta ein mastergrad i faget sitt, seier Fischer, som viser til at det om sju år er manko på 11.000 lærarar i Noreg.

— Det er eit alvorleg problem. Me ser også at mange lærarstudentar ikkje ynskjer å verta lærarar. Heile ein tredjedel av nyutdanna lærarar går ut av læraryrket, seier Fischer.

— I dag er det over 9.000 lærarar som står og underviser i fag dei ikkje har kompetanse til å undervisa i. Bruken av ufaglærte er farleg høg. Problemet vert berre større om ein ikkje tar grep no, seier Fischer.

Rektoren fortel at HSH diskuterte dette med femåring lærarutdanning med Venstre-leiar Trine Skei Grande for to år sidan.

— Me har to masterutdanningar og søkte om å få vera ein pilotinstitusjon på femårig lærarutdanning, men fekk avslag. Grunninga var at det allereie er ein pilot ved universitet i Tromsø, seier rektor på Høgskulen i Stord/Haugesund, Liv Reidun Grimstvedt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**