Satsar mot Stortinget

— Vårt mål er eit nasjonalt resultat på 7 %, og å bidra til regjeringsskifte. Hordaland er eit stort fylke, så dermed er målet minst å få 7 % også her, seier 1. kandidat for Venstre i Hordaland, Terje Breivik til Hardanger Folkeblad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Valkampen er no i ferd med å spisse seg til fram mot stortingsvalget 9. september.

Hovudsaker
Breivik vart valt som nestleiar i Venstre på landsmøtet i 2012. Han er tidlegare generalsekretær i partiet, og har vore ordførar i Ulvik.

— Ein skal vel ikkje røyste på deg av den grunn at du er harding, kva er dine hjertesaker?

— Det er mange store saker i Hardanger og Voss. Samferdsle, utdanning – ikkje minst med tanke på tilbodet i Odda, knytt opp mot storindustrien – og lokalsjukehusa er nokre av dei. I tillegg er landbruket og reiselivet viktige saker for meg; desse to heng også tett saman.

Verdiskapning i distrikta er også eit heilt vesentleg punkt for regionen, seier Breivik, og viser mellom anna til arbeidet som er gjort i Statens kartverk i Kinsarvik.

— Kartverket er eit flott eksempel på kva ein kan få til i distriktet, og eg ser fram til ei omvisning der i dag. Desentralisering av statlige arbeidsplassar må vere eit viktig fokus framover. Ein ser stor vekst i talet på statlege arbeidsplassar, og Kartverket er eit eksempel på at det fungerar å flytte desse til distrikta, seier han.

 Terje Breivik vitja same dag Øystese i Kvam.

Terje Breivik vitja same dag Øystese i Kvam.
Foto: Ukjent

Hardanger-ambassadør
— Som stortingskandidat har eg eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, men eg er frå Hardanger og er dermed oppteken av å vere ambassadør for regionen, slår Breivik fast, og fortel at han no reiser mykje rundt for å gjere seg kjend med stader og personar.

— I dag har vi vore i Granvin, Voss og Øystese, og no Kinsarvik. Ein hovudbodskap på denne turen er at terskelen for at folk skal kunne ta direkte kontakt med meg for å spele inn sin bodskap, er låg. Det skal vere enkelt å få kontakt med politikarar, også stortingskandidatar, seier han.

Frå Venstre-standen i Kinsarvik vart det sagt at Venstre er det einaste partiet med ein reell sjanse til å få inn ein representant frå Hardanger inn på Stortinget ved valet i 2013.

— Det synast eg er beklageleg, då vi ville stå sterkare om vi var fleire. I alle høve gjer dette at eg føler eit ansvar for å tenke på tvers av partigrensene; for å fremje interessene til heile regio- nen i rikspolitikken, seier Breivik.

Les heile saka på baksida av Hardanger Folkeblad torsdag 12. juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**