Venstre vil ha tunnel under Kvamskogen

Venstre starta valkampen torsdag med å lansera kampanjen ‘Røyst ein harding på Tinget’. Hardingen er Terje Breivik frå Ulvik. Fyrstekandidaten til Hordaland Venstre starta kampanjen i Ulvik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Sidan gjekk turen til Granvin, Voss, Øystese og Kinsarvik.

Breivik hevdar at han er den einaste stortingskandidaten frå Hardanger og Voss, uansett parti, med reelle sjansar til å verta vald. Det tykkjer han er synd.

— Som stortingskandidatar representerer me primært partiet. Likevel er det liten tvil om at me også skal vera talspersonar og ambassadørar for fylket og regionen, seier han.

Breivik meiner samferdsle og næringspolitikk er viktige saker for Hardanger.

— Periodane då stamvegen Bergen — Voss var stengd tidlegare i år viste både kor viktig fylkesveg 7 er, og kor mange flaskehalsar vegen har. Ikkje minst vert det viktig å arbeida for at Hardanger-tunnelen vert realitet, seier venstrekandidaten.

Les saka på side 4 i Hordaland Folkeblad tysdag 9. juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**