På lokal friarferd

Terje Breivik er den einaste politikeren frå Voss og Hardanger-regionen med reelle sjanser til å koma inn på Stortinget. Torsdag var han ute på ein skikkeleg sjarmøretappe.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Etter å ha vitja Voss, var Terje klar for valkamp i Øystese.

Etter å ha vitja Voss, var Terje klar for valkamp i Øystese.
Foto: Ukjent

Med sjølvlysande, grøn t-skjorte med påskrifta «Røyst ein harding på tinget», var Venstrepolitikaren og stortingskandidaten Terje Breivik frå Ulvik ute på ein kampanje i regionen torsdag.

Planen var å sjarmera seg gjennom fem kommunar, og det må til. Breivik er nemleg den einaste politikaren frå regionen med reelle sjansar til å koma seg inn på Stortinget ved valet til hausten.

– Dessverre, må eg nesten seia. Det jo synd at det berre er meg, men eg er klar for eit godt val, seier han.

Turen gjekk frå Ulvik og innom Granvin, før Hordaland møtte stortingskanditaten på Torget på Vangen. Etter ein liten time på stand her, skulle ferda gå vidare til Øystese og Kinsarvik.

– Og så driv me så klart litt valkamp på ferjene i mellom kommunane, ler Breivik.

Noko av poenget med kampanjen, er å henta inn tips til sakar som folk i lokalsamfunna brenn for.

– Eg oppmodar folk om å ta kontakt med meg for å fôra meg med sakar som dei meiner er viktige at eg tek vidare. Eg har lokalkunnskap, og vil vera ein god talsmann for folka i regionen, seier han.

For sjølv om Breivik skulle koma på Stortinget, vil også dei lokale omsyna vega tungt.

– Sjølv om ein då får eit nasjonalt ansvar, så har lokalkunnskapen ein sit inne med utruleg mykje å seia. Eg vil også vera eit talerøyr for regionen og fylket som eg kjem frå, det ansvaret kjenner eg på, seier han.

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Har trua
Av sakene som Breivik brenn for lokalt, stikk samferdsel og verdiskaping seg fram som dei to viktigaste.

– No som det heldigvis er politisk fleirtal for Ringeriksbanen, så må me her på Vestlandet vera tunge på labben slik at ikkje Vossebanen vert gløymd. Med eit liknande «intercity»-tilbod her i vest med 40 minuttar reisetid mellom Bergen og Voss, vil det verta ei enorm avlasting for stamvegen, seier han.

Sjølv har han stor tru på at han kan hamna i Stortinget til hausten, og det er ikkje noko å seia på korkje måla eller ambisjonane.

– Eg ser på sjansane mine som veldig gode, og eg har ambisjonar om å gjera eit godt val. Men no må vossingane og folk frå Hordaland kjenna si besøkelsestid. Det vert regjeringsskifte, men det er stor skilnad på ei blågrønn og mørkeblå regjering, seier han.

Sjå heile saka på side 2 i Avisa Hordaland laurdag 6. juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**