Vil at born skal lære spansk frå femte klasse

Alle i femte klasse bør lære tysk, fransk eller spansk, meiner Venstre. Men både Frp og Ap seier nei.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Mathias Fischer

Foto: Jin Sigve Mæland

— Vi veit at evna til lære språk er best i ung alder, vi veit også at dess meir språk ein lærer dess betre blir ein i språk ein allereie kan, seier stortingskandidat for Venstre i Hordaland, Mathias Fischer.

— Det er blitt viktigare å kunne språk
I dag får kan ein velje eit tredjespråk når ein startar på ungdomsskulen.

— Mi erfaring er at det blir veldig teoritungt, og går mykje ut på å pugge grammatikk. Det er lite tid til å sjå franske filmar, lese tyske tekstar eller synge spanske songar. Dette vil gje meir tid, seier Fischer.

Det har vore gjort forsøk på innføre eit andre framandspråk i skulen tidlegare.

— Både skuleleiinga og lærarane som var med ønskte å gjere faget obligatorisk, og no er det på tide. I ei stadig meir globalisert verd blir språk viktigare og viktigare, mellom anna etterspør norsk næringsliv arbeidskraft som kan språka til våre handelspartnarar, fortel Fischer.

Les heile saken og respons frå Ap og Frp på NRK Hordaland sine nettsider.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**