Til side for sidemålet

Arbeiderpartiet angriper Venstre for å vera ein fare for nynorsken, medan dei sjølv ikkje nemner “sidemål” eller “nynorsk” med eitt ord i eiga partiprogram. Terje Breivik svarar Eigil Knutsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Arbeidarpartiet sin ungdomskandidat i Hordaland, Eigil Knutsen, hevdar 2. juli, i eit tilsvar til mitt førre innlegg, at Venstre er ein fare for nynorsk. Det er ikkje rett. Det krev stort mot av ein Arbeidarpartipolitikar å hevde at dei vil sikre nynorsken sin kår. Ingen veit til dømes kva Arbeidarpartiet vil gjere med sidemålsopplæringa — knapt nok dei sjølve. Verken «sidemål» eller «nynorsk» er nemd i stortingsvalprogrammet deira. Venstre er glad for at Kunnskapsdepartementet sikra sidemålet sin posisjon i norskfaget, med mellom anna eigen karakter. Det er meir enn Arbeidarpartiet sin eigen kulturminister, Hadia Tajik, ynskte. Ho har argumentert for èin samla norskkarakter — vel vitande om at karakterar er undervisningsstyrande, og avgjerande for å sikre god opplæring og vurdering i både nynorsk og bokmål.

Mitt bodskap er enkelt: Ynskjer du som veljar å ta vare på nynorsken, bør du stemme på eit parti som ynskjer det same. Blir det eit borgarleg fleirtal etter valet, er det stor skilnad på ei blågrøn regjering med eit sterkt Venstre, og ei mørkeblå regjering utan Venstre.

Til skilnad frå Knutsen går eg til val på eit program som seier kva eg vil med sidemålsordninga. Venstre vil trygge nynorsken sin posisjon i skulen og i samfunnet. Det krev god sidemålsopplæring i skulen. Me vil la elevane møte både nynorsk og bokmål i alle fag, og på eit tidlegare trinn enn i dag. Me vil halde på dagens sidemålskarakter, og halde fram kampen for språkleg mangfald i samfunnet.

Det har ein verdi i seg sjølv, for kvar enkelt, og for samfunnet. Og for kunnskapspartiet Venstre.

Terje Breivik
1. kandidat til Stortinget for Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**