Båtar som eigar ikkje lenger ynskjer å ha blir ofte senka, brent på bål, eller plassert vekk. Dette gjeld omlag 5000 båtar kvart år. Få blir levert til godkjende mottak.
– Dette er eit stort og sjenerande miljøproblem, og difor vil Venstre innføre ei panteordning for fritidsbåtane for å stimulere til at eigarane av båtane leverer dei inn til avfallshandtering eller gjenvinning, seier Sveinung Rotevatn.
– Vi har allereie ei slik ordning for bilar, og denne fungerer veldig bra. No er det på tide at vi utvidar denne til også å gjelde fritidsbåtar, campingvogner, og buss- og lastebilvrak, seier Rotevatn vidare.
Venstre føreslo i Stortinget å setje av 52 millionar kroner til ei slik panteordning. Med ein pant på 2.500 kr vil ordninga i følge Finansdepartementet sine utrekningar koste 14 millionar for fritidsbåtar, 8 millionar for campingvogner, og omlag 30 millionar for bussvrak og lastebilvrak.
– Dette vil vere ei miljøvenleg ordning som vil gjere det enklare for folk å ta grøne val i kvardagen, seier Rotevatn.