Vil skape englar

Venstre vil bruke dei offentlege milliardane til gründerar og forskarar annleis. Såkalla «forretningsenglar» er blant tiltaka som skal gje skaparkraft.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

- Flaskehalsen hjå gründerar i dag er tilgangen på risikokapital, spesielt i dei fyrste fasane av prosjekta. Men det manglar òg kompetanse om det å drive butikk, den forretningsmessige delen. Våre tiltak skal betre dette, seier nestleiar i Venstre, Terje Breivik.

I ei kapitalreformpakka dei la fram måndag, føreslår dei mellom anna:
Kvalifisere investorar på førehand, såkalla forretningsenglar. Går ein slik investor inn med 200.000 kroner, så skal det offentlege gå inn med tilsvarande til gründeren og prosjektet. Dette kan maksimalt utgjere 1,5 millionar kroner pr. prosjekt.

Ny ordning med såkornfond som går inn mykje tidlegare i prosjekta enn i dag. Dette er fond med risikokapital kor staten er med og doblar investerte summar. Grensa pr. prosjekt er på 100 millionar kroner.

Innføre skattefrådrag på 20 prosent til spesifikke gründerar og investorar, elles kalla kapitalfunn. Maksimalt innskot er ein halv million kroner pr. person.

Lommebok, penger

Foto: Microsoft

Investerer i framtida
- Det er godt dokumentert at den viktigaste veksten i næringslivet kjem frå verksemder med nyskaping. Me er gode på kunnskap og teknologi, men innovasjonsevne og tiltak er vel så viktig, seier Breivik.

Han trur at det vil vere realistisk å setje reformpakka til livs, gitt at det blir borgarleg fleirtal til hausten.

Inn tidleg
Under presentasjonen hadde Breivik invitert representantar frå Bergen Teknologioverføring (BTO). BTO er direkte i målgruppa til reformpakka, då dei har spesialisert seg på å støtte forskingsinstitusjonar i kommersialisering og teknologioverføring.

- Opp mot valkampen opplever me mykje vilje i orda som knytast til innovasjon og forsking. Me er alltid bekymra for at det er valflesk, men dette oppfattar me som eit sjumilssteg i riktig retning, seier Anders Haugland, dagleg leiar i BTO.

- Men eg er usikker på om det er for langt eller for kort, skyt han inn. Krev detaljar Han viser spesielt til at pengar i seg sjølv ikkje er nok, og at det må liggje visse suksesskriterium til grunn.

- Viss alle er samde i at såkornordninga ikkje er tilstrekkeleg, så må nokon tørre å ta steget med å flytte den tidlegare inn i prosessen. Her har Venstre eit konkret døme på det, og retninga er såleis på plass, seier Haugland.

Næringsutvikling

Foto: nn

Midlane som Venstre ønskjer å bruke kjem frå deira alternative statsbudsjett. Innanfor denne bolken utgjer summen opp mot tre milliardar kroner.

- Me vil at dei offentlege midlane skal kome inn allereie i idé- og oppstartsfasen, noko som gjer at reformpakka skil seg ut frå praksisen i dag. Dette minimerer risikoen ved prosjekta og vil i større grad tiltrekkje seg investorar, seier Breivik.

Les saka på side 10 i Bergens Tidende tirsdag 2. juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**