Ja til effektive løysingar for gang- og sykkelvegnettet

I debatten ikring gang- og sykkelvegar, fekk Venstre støtte rundt forslaga om å utbetra dagens nett. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb og Venstre-politikar Knut Olav Nestås var samde om at raske og effektive sykkelvegar er avgjerande for eit attraktivt bumiljø på Vangen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I førre kommunestyremøte svara ordførar Hans-Erik Ringkjøp(Ap) på ein interpellasjon frå Knut Olav Nestås og Voss Venstre. Interpellasjonen inneheldt to spørsmål:

– Korleis ligg Voss Kommune an med tanke på å utarbeida ein plan for nemnte hovudnett for sykkeltrafikk?
– Kva synest ordføraren sjølv om eksisterande gang- og sykkelvegnett, og kva moglegheiter ser han for seg vidare?

Voss Sykkel Nestås

Foto: Vidar Herre/Avisa “Hordaland”

Ordføraren sa på bakgrunn av spørsmåla at det ville vera gunstig å få på plass ein hovudplan for sykkel, og ynskte å restarta arbeidet med sykkelplanen, som har måtta venta på å bli prioritert ei stund.

Venstre ynskte å sikra satsinga på gang- og sykkelvegar gjennom å få planane inn i planprogrammet, som òg skulle vedtakast i same møte, men dei raudgrøne sat foten ned for nett dét. – Ordføraren sitt svar på spørsmåla våre om gang- og sykkelvegar som satsingsområde, var prega av litt “både og”, seier Nestås i ettertid. – På den eine sida seier han dei riktige tinga og lovar vidare satsing og at arbeidet med sykkelplanen skal restartast, men dei raudgrøne ynskjer samstundes ikkje å vedta satsinga som ein del av planprogrammet, fordi ein skal spissa planarbeidet inn mot bustader.

– Ei slik plansatsing på bustader høyrest sjølvsagt greitt ut isolert sett, men Venstre meiner det i den samanheng er naturleg å involvera planarbeidet med gang- og sykkelvegar. For ingen større bustadfelt bør byggjast no utan at gang- og sykkelvegperspektivet heng med som ein del av løysinga, presiserer Nestås.

Til avisa “Hordaland” peika Nestås på at noverande jernbanetrasé for Hardangerbana, burde vera ein interessant moglegheit for framtida med tanke på gang- og sykkelveg inn mot sentrum. I tillegg sa Nestås til “Hordaland”: – Med den folkeveksten me ser for oss at Voss skal ha, er det også viktig at sykkelen kan nyttast mest mogeleg, så tilsvarande mindre av veksten lyt takast med bilen.

Sykkelpremie

Foto: MX Sport Vågsbygd

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**