Breivik og Dørum vitja Nordhordland med tydeleg kvikksølvbodskap

Terje Breivik og Odd Einar Dørum vitja Nordhordland denne veka. Det er inga tvil: Venstre vil fjerne kvikksølvet utanfor Fedje. – Det har vore nok utgreiingar. No er det på tide med handling. Ubåten er punkt nr. 1, seier Terje Breivik, Venstre sin toppkandidat i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Odd Einar og Terje i Nordhordland

Foto: Lars Barstad

– Så sant den siste utgreiinga som skal koma til hausten, ikkje konkluderer med at det er heilt utilrådeleg å heva kvikksølvflaskene, må me raskt koma i gang med å fjerna kvikksølvet, sa Breivik til avisa Strilen.
Regjeringa har eit hovudansvar for det, meiner han, men også opposisjonen må ta sin del av ansvaret.

– Me har ikkje pressa nok på i denne saka. Det står om truverdet vårt som miljø- og fiskerinasjon, seier han.

– Reint hav vedkjem alle, stemte Dørum i til avisa Nordhordland.

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Testsenteret er viktig
Ein anna viktig sak i Nordhordland er testsenteret og den såkalla “månelandinga” på Mongstad. Brevik understrekar at testsenteret skal vidareførast i ei blågrøn regjering.
– Det er dyktige folk som jobbar på TCM, og kjem dei fram til ein metode for CO2-fangst som fungerer, vil det både kunna verta ein kommersiell suksess og vera viktig for miljøet, seier han til Strilen.

Styra pengebruken

– Slik som den økonomiske utviklinga har vore i det siste, trur eg kanskje me må handheva handlingsregelen endå strengare enn før, og pengane må berre brukast til investeringar innan samferdsel, forsking og teknologiutvikling, seier han.

Odd Einar Dørum i Svelvik

Foto: Kåre Pettersen

Viktig næringsregion
Terje Breivik peikar på at Nordhordland er ein ekstremt viktig region der det skjer mykje verdiskaping. Han ønskjer å legga til rette for ein næringspolitikk som fremmer innovasjon og vekst i eksisterande næring.

– Fleire gründerar må koma gjennom nålauga. Vi meiner at næringshagane også bør ha tilgang på kapital, slik at denne kan fordelast lokalt, seier Breivik til avisa Nordhordland.

– Det er viktig å få på plass ordningar som gjer at gründerar og sjølvstendig næringsdrivande har same sosiale tryggleiksgodar som alle andre, seier Dørum.

– Ein skal sleppa å snubla fordi det skjer noko uføresett i livet, seier han.

Ferjefri E39, NH-pakken og nedkorting av transporttida til Europa er også tema som Breivik og Dørum sette fokus på då dei vitja Knarvik onsdag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**