– Fleire Venstre-gjennomslag med eit nytt fleirtal

– Venstre går til val for å få ei ny, borgarleg regjering som kan føre ein betre politikk for skule, miljø, verdiskaping og velferd. Vi får betydeleg gjennomslag hos dei andre opposisjonspartia, seier førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Venstre får ikkje særleg støtte frå regjeringspartia når vi legg fram forslag i Stortinget. I går la Venstre fram ei oversikt over kva gjennomslag partiet sine forslag har hatt hos dei andre borgarlege partia. Frp, Høgre og KrF har gjeve støtte til heile eller delar av om lag 40% av Venstre sine representantforslag i Stortinget.

Sveinung Rotevatn

Foto: Fotograf Vidar Helle

– Eit nytt fleirtal etter valet vil difor også medføre fleirtal for desse Venstre-forslaga. Det er for Venstre god nok grunn til å gå til val på eit regjeringsskifte og ei blågrøn regjering, seier Sveinung Rotevatn.

Rotevatn framhevar følgande fire forslag som særleg viktige gjennomslag som Høgre, Frp og KrF støttar:

• Auke den statlege finansieringa av vidareutdanning for lærarar (Dok 8:145 S (2009-2010).
• Ein heilskapeleg gjennomgang av vilkåra for enkeltpersonforetak/sjølvtendig næringsdrivande (Dok 8:85 (2009-2010)).
• Styrking av miljø- og klimaarbeidet i kommunane (Dok 8:114 (2009-2010)).
• Ei betre rusbehandling. 24-timars behandlingsgaranti etter avrusing (Dok 8:56 2009-2010)).

– Først og fremst handlar det om å innføre eit betydeleg lærarløft og ei statusheving av læraryrket fordi det å sørge for fleire kunnskapsrike og kompetente lærarar er den viktigaste jobben vi kan gjere for skulen og elevane. Då må vi gjere læraryrket meir attraktivt slik at fleire blir i yrket og slik at fleire flinke folk søkjer seg dit, seier Rotevatn.

– Spesielt gledeleg er det at alle dei andre opposisjonspartia støttar seks av Venstre sine forslag for ein betre miljø- og klimapolitikk. Dette viser at det er fullt mogleg å oppnå resultat på miljøfeltet i eit samarbeid med dei andre borgarlege partia, sjølv når Frp er med i fleirtalet, seier Sveinung Rotevatn.

– Venstre vil sjølvsagt sloss for at dei øvrige initiativa og forslaga vi har fremma blir ein viktig del av ei ny regjering og eit nytt fleirtal sin politikk. Kva regjering vi får vil vere avgjerande. Eg kan nemne spesielt behovet for ein målretta innsats for å få ned talet på fattige barn, behovet for ein meir offensiv klima- og miljøpolitikk, ein meir framtidsretta næringspolitikk og ikkje minst ei satsing på høgare utdanning og forsking, seier førstekandidaten i Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn.

Sveinung Rotevatn på LPN 2013

Foto: Sogn og Fjordane Venstre


Fire representantforslag fremmet av Venstre hvor Høyre, Frp og KrF i ettertid har støttet forslaget:

1. Femårig mastergradsbasert lærarutdanning (Dok. 8:70 (2012-2013)).
2. Tiltakspakke for å begrense og bekjempe fattigdom blant barn (Dok 8:2 (2009-2010)).
3. 25 % reduksjon i næringslivet sine administrative kostnadar knytt til reglar og skjemavelde (Dok 8:174 (2009-2010)
4. Eit betre kollektivtilbud i byområda med hyppigare avgangar og lågare takstar. (Dok 8:113 (2009-2010).

Fire representantforslag Venstre skal ha gjennomslag for i ei ny regjering.
1. Auke antalet med doktorgrad og sikre fleire karrierevegar i skulen (Dok 8:27 (2012-2013))
2. Omfordeling av barnetrygda (Dok. 8:9 (2012-2013))
3. Kapitalreform for auka innovasjon og entreprenørskap (Dok 8:72 (2011-2012))
4. Vern av havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (Dok 8:35 (2012-2013))

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**