– Fotgjengarar og syklistar er ein del av løysinga

I løpet av den siste veka har det vore ein del debatt om gang- og sykkelvegar på Voss. Lokalpolitikar for Venstre, Knut Olav Nestås, drog debatten i gang med oppslag i tysdagsutgåva av avisa «Hordaland». Les meir om saka her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


I avisa «Hordaland» for tysdag 18. juni, kunne ein på framsida lesa at Venstre og Nestås ynskte «Sykkelsti gjennom sentrum». Nestås sa mellom anna: – Voss tek mål av seg til å bli innlandsby med 20 000 – 30 000 innbyggjarar. Då er det på tide å få sykkelnettet på plass.

Sykkel

Foto: Vidar Herre/Avisa «Hordaland»

Venstre meiner Voss kommune lyt koma i gang med planlegging av eit forbetra og meir heilskapleg gang- og sykkelvegnett. – Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har sjølv signalisert at han ser positivt på fylkesmann Lars Sponheim sitt utspel om Voss som ein innlandsby med 20. 000 og kanskje 30.000 innbyggjarar. Med det som utgangspunkt, er her fleire opplagde fordelar med satsing på gang- og sykkelvegar, sa Nestås til avisa «Hordaland». – For det fyrste vil eit gang- og sykkelvegnett utan flaskehalsar og blindgater gjera sitt til at vegane vert lettare å bruka. For det andre vil ei slik utvikling skapa betre samhandling mellom fotgjengarar, syklistar og bilistar. Eit tredje moment i same gata er at ein på den måten legg effektivt til rette for eit framtidig transportsystem, der fotgjengarar og syklistar ikkje er eit problem, men ein del av løysinga, sa Nestås til «Hordaland» og meinte satsinga var eit kinderegg som politisk prioriteringsområde.

Skilt for gang- og sykkelvei

Foto: Sesselja Bigseth

Nestås poengterte at Stortinget og regjeringa gjennom nasjonal transportplan ynskjer satsing på gang- og sykkelvegar. Også frå Statens Vegvesen si side er det eit ynskje om å leggja effektivt til rette for sykkeltrafikk i og rundt tettstadar og byar. I sine retningslinjer for «Statens ansvar for sammenhengende hovednett for sykkeltrafikk i byer og tettsteder», har Vegvesenet sjølv uttala: «Kommunen som planmyndighet og Statens vegvesen som riksvegansvarlig og som fagmiljø har et felles ansvar for å utarbeide planer for hovednett for sykkel.»

Venstre spurde, på bakgrunn av det som er nemnt ovanfor, ordføraren om følgjande:

– Korleis ligg Voss Kommune an med tanke på å utarbeida ein plan for nemnte hovudnett for sykkeltrafikk?
– Kva synest ordføraren sjølv om eksisterande gang- og sykkelvegnett, og kva moglegheiter ser han for seg vidare?

Meir om debatten frå kommunestyret ang. interpellasjonen, og framtidige planar for kommunale vegar og gang- og sykkelvegar, kjem.

venstrelogo

Foto: venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**