Venstre vil ha café i prestegarden

Radøy Venstre foreslår at kommunen skal ta initiativ til etablering av ein kulturcafé i prestegarden på Manger. Kulturskulen og frivilligsentralen som i dag held til i bygget foreslår dei å flytte til DPS-bygget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


-Tettstaden Manger manglar ein møteplass, der det er mogeleg å setje seg ned med ein kopp kaffi og ein matbit. Prestegarden er eit flott bygg og hagen er ei perle, som vil vere godt eigna for uteservering om sommaren, seier Frode Hervik, gruppeleiar i Radøy Venstre.

Forslaget frå Venstre er inspirert av etableringa av kulturbakeriet i den gamle prestegarden på Austevoll. Kulturbakeriet på Austevoll er ein kjempesuksess med tolv arbeidsplassar.

-Austevoll kommune tok initiativ til etableringa der, og fekk såleis også lagt føringar for konseptet. Det må ein gjere også på Manger for å sikre kvalitet. På Radøy vil dette også kunne passe godt til CittaSlow-tanken om lokalprodusert mat, kultur og gjestfridom, seier Hervik.

-Visjonen må vere at dette skal verte ein stad med høg kvalitet på mat og drikke, også med skjenkeløyve. Dessutan er ambisjonen at dette må verte ein arena for kulturarrangement, som i Austevoll, der dei mellom anna har hatt forfattarbesøk og mindre konsertar, seier Hervik.

– Planar om eit amfi i prestegårdshagen passar også godt saman med eit kulturcafé-konsept, og samtidig bør ein gjere hagen meir attraktiv som park, mellom anna ved å få betre skjerming mot coop-bygget og parkeringsplassen på baksida, avsluttar Hervik.

Saka vart omtala i Strilen torsdag 13 juni og i Nordhordland laurdag 22. juni. Ingen av sakaene ligg på nettsidene deira.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**