Vi satsar på skulen!

Venstre set eleven i sentrum, og satsar difor på læraren. Lærarane skal få lengre og betre utdanning, og ein friare arbeidskvardag. Skal alle elevar få god, tilpassa opplæring må læraren få bruke meir tid på det pedagogiske arbeidet — og mindre tid på rapportering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre prioriterer kunnskap gjennomgåande frå grunnskulen og vidaregåande skule, til forsking, og høgare utdanning. Vi vil setje av meir pengar til forsking, og legge til rette for auka studentvelferd og studentøkonomi. Vi vil sikre nynorsken, og betre opplæringa i sidemål.

«Venstre vil vidareutvikle studiekvaliteten, læringsmiljøet og bustadsituasjonen ved og i tilknytning til Høgskulen i Sogn og Fjordane»

Sveinung Rotevatn LM2012

Foto: Helene Z Skulstad

– Sveinung Rotevatn, førstekandidat Sogn og Fjordane Venstre.

Venstre meiner:
Ein god skule er ein føresetnad for personleg fridom, samfunnsutvikling, og demokrati. Venstre vil ha ein skule som satsar på kunnskap og som sikrar like moglegheiter. Berre gjennom ei satsing på kunnskap kan vi rigge samfunnet for framtida sine utfordringar.

Venstre vil:
• Innføre femårig lærarutdanning
• Forbetre lærarne sin arbeidssituasjon ved å redusere skulebyråtiet
• Styrke skulehelstetenesta med 1000 nye helsesøstrer i løpet av fire år.
• Forsterke rådgjevingstenesta i ungdomskulen
• Gje lærarar rett og plikt til etter- og vidareutdanning
• Bygge 2000 studentbustadar årleg
• Innfase 11 månadars studiestøtte
• Auke basisbevilgningane til universitet, høgskular, og forskningsinstitutt

Last ned Venstre sitt stortingsvalprogram: «Fridom, framtid, felleskap»

Følg Sogn og Fjordane Venstre sin valkamp på Facebook: [Sogn og Fjordane Venstre]
Følg Sveinung på Twitter: @rotevatn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**