Venstre vil ha 95 flyktningar også i år

– Venstre er godt nøgd med rapporten om flyktningearbeidet i Arendal, sa Venstres Jan Kløvstad, som også var saksordførar i bystyret om flyktningearbeidet i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Rapporten viser at kommunen gjer godt arbeid i eit vanskeleg felt, i respekt for menneskeverd og med klare mål om å bidra til at flyktningar og andre innvandrarar får ei tryggare og meir aktiv framtid, der dei kan kome bort frå krig, sult, forfølging og den vanskelegaste fattigdomen. Saka handlar om menneskeverd, om å gi forfølgte menneske ein ny start i livet. Det handlar om det humanistiske ansvaret og å sjå internasjonalt engasjement mot lokale konsekvensar.

Jan Kløvstad presenterte rapporten slik.

Vi må stille krav til dei som kjem hit, og vi må stille krav til oss sjølve. Det er ikkje lett å kome til eit nytt land, som også siterte eit intervju om det første møtet mellom ein bosnisk flyktning og norske naboar i A-magasinet.

Staten gir kommunane gode vilkår for å oppfylle dei internasjonale pliktene vi har tatt på oss. Alle parti på Stortinget seier dei respekterer dei internasjonale konvensjonane og avtalane Norge har forplikta seg til. Men Venstre er veldig skuffa over dagens regjering som ikkje vil ratifisere den internasjonale barnekonvensjonen.

Det handlar om ei mest mogleg rettferdig fordeling mellom kommunane. Ingen i Norge bur i staten, alle bur i ein kommune. Dette har ikkje gått problemfritt. Det er ein samarbeidsavtale mellom mellom staten og KS, og staten kan seie opp avtalen og pålegge kommunane kor mange flyktningar som skal kome til kvar enkelt kommune.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet har gitt oss noen føringar. Ei av føringane er å gjere vedtak for fleire år framover for å sikre forutsigbarhet, utvikling av kompetanse og eit best mogleg arbeid for å integrere nye landsmenn i lokalmiljøet sitt.

I fjor haust vedtok fleirtallskonstellasjonen i bystyret, Høgre, FrP og Krf at det skulle lagast ein rapport om korleis integreringa går. Det var greit. Men så vedtok også fleirtalet at Arendal kommune samtidig skulle redusere antall flyktningar i 2013 til 25 første halvår. Eg åtvara kraftig mot dette i komiteen, og fleire frå opposisjonen gjorde det same. Forslaget frå Frp om å redusere tal flyktningar har kome opp før, og i 2012 som før sa både Venstre og andre parti — og NAV-leiaren og rådmannen — at ein reduksjon også ville føre til tapte tilskot frå staten. Nå ser vi resultatet. Eg siterer frå sakspapira:
"Konsekvensene i 2013 er stipulert til ca 3.1 millioner i bortfall av inntekter fra IMDI, tomgangsleie på boliger og driftsutgifter . I tillegg har kommunen fått avslag på prosjektsøknad til IMDI på 1,8 millioner på grunn av manglende satsing på bosetting. For å spare noe av dette må man stoppe alle ikke lovpålagte overføringer. Ikke lovpålagte overføringer er 285 000 til bibliotek, 280 000 til kultur, 375 000 til mottaksskolene, 500 000 til helseforebyggende arbeid. I tillegg gjelder det alle nye tiltak i flyktningeplanen. Det vil fortsatt være en utfordring på ca 600 000 som ikke er løst, men som kan hentes fra fond i 2013. "
4,9 millioner kroner har dette fleirtalsvedtaket kosta Arendal kommune. Det er jo ein sum som ei heil skolenedlegging. Dette er totalt uansvarleg politikk, både kommuneøkonomisk og i tillegg råttent gjort både mot flyktningar i mottak som sårt treng ein kommune å busette seg i, mot dei flyktningane vi har i Arednbal og som skal få hjelp til å integrere seg og bli gode samfunnsborgarar, og det er dårleg gjort mot andre som treng hjelp frå NAV og som nå opplever sterk svekking av sørvisen fordi NAV samla mistar så mange pengar.

Eg vil så innstendig eg kan oppfordre fleirtalet — posisjonen — om å snu, og gjere det de kan for å rette opp op dette. Vi kan ikkje ha på oss at vi både vil drive ein avvisande og inhuman politikk og at vi attpåtil er så dårlege til å rekne at vi svekkar kommuneøkonomien med nesten fem millionar kroner. Og enda verre blir dette om vi skal fortsette som fleirtalet her vil: Sjå tabellen på siste side i sakspapira. Med same tal som dette halvåret fram til og med 2017 vil vi tape 3 803 582 berre i 2017. Om vi reduserer enda meir, slik særleg Frp og kanskje også andre parti i salen her helst vil, kan vi risikere både å tape nesten 8 millionar på årsbasis i 2017 og heilt sikkert bli pålagt av staten å ta inn langt fleire flyktningar enn det som er målsettinga frå dei som vil halde flyktningar borte frå Arendal.
Det var fleire innlegg frå fleirtalsposisjonen som antyda at vi er for dårlege i integrering og at vi derfor både må ha ein rapport og halvere tal flyktningar mens vi får laga rapporten. Pål Koren Pedersen spurte i debatten i fjor om ein rapport som viser at vi er like gode eller betre enn andre kommunar i integrering utfrå same logikk skal føre til at Arendal skal ta imot fleire flyktningar enn andre. Til dette spørsmålet kom det eit kanskje noe motvillig svar, men likevel, eit ja. Den rapporten vi har fått viser at vi er minst like gode i integrering som dei fleste vi kan samanlikne oss med.
Venstre vil derfor invitere med seg både posisjonen og opposisjonen til å rette opp både ryet vår som ein inkluderande kommune, dei verste skadene på kommunens økonomi i integreringsarbeidet og tenke lagsiktig og byggande.

Venstre reiser rådmannens forslag til vedtak, med eit tillegg til slutt i første avsnitt.
Forslaget vårt lyder:
Arendal bystyre vedtar på bakgrunn av avtalen mellom Staten og KS å legge IMDI sin anmodning om bosetning av flyktninger til grunn fra 2014 til 2017 med utgangsounkt i 95 bosettinger årlig (totaltall inkludert både voksne og enslige mindreårige). I 2013 vil det være praktiske begrensninger og usikkert hvor mange som kan bosettes siste halvår, men bystyret ber administrasjonen forsøke å nå 95 bosettinger også i år.

Bystyret forutsetter at NAV justerer organisasjonen til å håndtere og planlegge for ovenstående volum innenfor vedtatte rammer.

Bystyret forutsetter at det samarbeides tett med IMDI for å få til en så god integrering av de bosatte flyktningene som mulig."

Pål Koren Pedersen sa i sitt innlegg at saka handlar om etikk og ansvar. Han reagerte på innlegget frå Ingrid Skårmo, FrP, som ga innvandrarbarn ansvaret for både sjukemeldingar i kommunen, mindre hjelp til voldsutsette og dårlegare oppfølging av eldre. Tvertimot har jo kommunen tapt pengar på å takke nei til følyktningar og statstilskot, – og det har svekka arbeidet for andre svake grupper.

Både Asbjørn Karl Olsen, Ap, Maren Smith Gahrsen, KrF og Einar Krafft Myhren, SV støtta Venstres forslag i debatten, mens Ingrid Skårmo, FrP og Roar Gundersen, Høgre, argumenterte for å ta imot færre flyktningar.

I avstemminga stemte Høgre, Frp og Pensjonistpartiet for å redusere tal flyktningar til 50 pr år, mens Venstre fekk støtte frå Arbeidarpartiet, KrF, SV og Senterpartiet. Men venstre forslag blei nedstemt med 20 mot 19 stemmer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**