Venstre rosar Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen varsla i dag at regjeringa vil halde fast på gjeldande eksamensform og standpunktkarakter i nynorsk. Venstre er godt nøgd med at Kristin Halvorsen no snur i denne saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


– Det er bra at Kristin Halvorsen no snur og held fast på gjeldane eksamensform og karakterar i nynorsk. Det sikrar framleis språkleg mangfald og rikdom i landet vårt, seier stortingskandidat for Venstre, Sveinung Rotevatn.

– Det er dessutan dokumentert at det å skrive både nynorsk og bokmål styrkar språkkompetansen, seier Rotevatn og syner til ei undersøking frå NTNU.

Sveinung Rotevatn på LPN 2013

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

– At ein held fram med testing og vurdering i sidemål gjer at alle i Noreg får eit godt grunnlag for å meistre begge målformer. Det gir reell språkleg valfridom for alle, og er ikkje minst viktig for nynorskbrukarane. Som mindretal er vi heilt avhengige av at også fleirtalet meistrar nynorsk, seier Rotevatn.

Dette står i Venstre sitt stortingsprogram 2013 -2017:
Sidemålsopplæring skal framleis vere ein del av norskfaget og Venstre vil behalde eigen karakter i sidemål
Venstre vil at sidemål i større grad skal integrerast andre skulefag enn norskfaget, slik at elevane blir eksponert for båe målformer gjennom heile skulegangen
Venstre vil også å innføre sidemålsundervising tidlegare i utdanningsløpet enn på ungdomstrinnet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**