Ta grøne val!

Klimatrugselen er den største utfordringa vi står overfor. Venstre vil ta vare på både naturen og miljøet for å sikre oss sjølv og våre barnebarn ei rein framtid. Difor vil Venstre gjere det enklare å ta grøne val i kvardagen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Klimatrugselen er den største utfordringa vi står overfor. Venstre vil ta vare på både naturen og miljøet for å sikre oss sjølv og våre barnebarn ei rein framtid. Difor vil Venstre gjere det enklare å ta grøne val i kvardagen.

Venstre sin miljøpolitikk er positiv og framtidsoptimistisk. Vi er er tydelege på vern av sårbare områder som Lofoten, Vesterålen, og Senja, og seier klart nei til dumping av gruveavfall i Førdefjorden. Vi vil gjere det enklare å ta miljøvenlege val i kvardagen, slik at vi saman skapar eit grønare og betre samfunn.

«Omsynet til store marknadsaktørar og interesseorganisasjonen kan ikkje trumfe omsynet til komande generasjonar. Difor seier Venstre nei til sjødeponi og ja til ein rein Førdefjord»

Sveinung Rotevatn

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

– Sveinung Rotevatn, førestekandidat Sogn og Fjordane Venstre

Venstre meiner:
Å ta vare på naturen og det biologiske mangfaldet er avgjerande for vår eksistens og har ein verdi i seg sjølv. Venstre sitt mål er eit samfunn utan forureining, der rssursane blir forvalta til det beste for oss som lever no — og for framtidige generasjonar.

Venstre vil:
• Satse på ei fornybar framtid — der fornybar energi på sikt erstattar fossile energikjelder
• Legge om frå raud til grøn skatt: Mindre skatt på arbeid — meir skatt på miljøfiendtleg åtferd
• Sikre varig vern av Lofoten, Vesterålen, og Senja
•Hindre sjødeponi i Førdefjorden
• Satse på trivelege nærmiljø, og belønne miljøvenleg tettstadsutvikling
• Gje skattefrådrag for inntil 50 000 kr for energieffektivisering i eigen bustad

Last ned Venstre sitt stortingsvalprogram: «Fridom, framtid, felleskap»

Følg Sogn og Fjordane Venstre sin valkamp på Facebook: [Sogn og Fjordane Venstre]
Følg Sveinung på Twitter: @rotevatn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**