Pengestrid om Kultur Vest

Bergens Tidende skriv i dag om strida om Kultur Vest. Det er Venstre som er pådriver og sikrar fortsatt midlar til samarbeidsorganisasjonen for kulturlivet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Anne Beth Njærheim

Foto: Kari Østervold Toft

Medan Arbeiderpartiet ynskjer å avslutte stønaden til Kultur Vest, ynskjer Venstre fortsatt drift i organisasjonen, og sørger for midlar til vidareføring.

- Samarbeid mellom dei mange medlemmene i Kultur Vest er bra. I evalueringsrapporten som ligg til grunn for saka, står det at organisasjonen treng to millionar årleg for å kunna fortsetja det arbeidet som er påbyrja. Me har lagt ein million til grunn, og delt dette på tre, seier Anne Beth Njærheim, som er leiar i Kultur- og ressursutvalet.

– Me ønskjer at dette samarbeidsforumet skal gå vidare. Eg trur Kultur Vest er bra for den utøvande kunsten, sjølv om ikkje vår løyving går direkte til kunsten. Eit slikt samarbeid kan gi meir pengar til utøvande kunst i neste omgang på grunn av synergieffekten, seier Njærheim.

Mona Hellesnes

Foto: Facebook

Behandles i fylkesutvalet
Det er i fylkesutvalet i dag, 20. juni, at avgjerelsen fall for Kultur Vest. Venstre-topp Mona Hellesnes sikrar her vidare støtte til organisasjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**