Venstre er godt nøgd med at Kristin Halvorsen no har snudd og held fast på eksamensform og karakterar i nynorsk etter først å ha vore open for dramatiske kutt i nynorskfaget.
Foto: Kåre Pettersen- Det er bra at Kristin Halvorsen no snur og held fast på eksamensform og karakterar i nynorsk. Det sikrar språkleg mangfald og rikdom i språket, seier nestleiar i Venstre Terje Breivik.
– Det er dessutan dokumentert at det å skrive både nynorsk og bokmål styrkjer språkkompetansen, seier Breivik og syner til ei undersøking frå NTNU.
Dette står i Venstre sitt stortingsvalprogram 2013 -2017:
Sidemålsopplæring skal framleis vere ein del av norskfaget og Venstre vil halde på eigen karakter i sidemål
Venstre vil at sidemål i større grad skal integrerast i andre skulefag enn norskfaget, slik at elevane blir eksponert for båe målformer gjennom heile skulegangen
Venstre vil innføre sidemålsundervising tidlegare i utdanningsløpet enn på ungdomstrinnet