Bra at regjeringa snur om nynorsk

Kristin Halvorsen varslar idag at regjeringa vil halde fast på eksamensform og standpunktkarakter i nynorsk. Venstre er godt nøgd med at Kristin Halvorsen no snur i denne saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Les óg: To målfomer sikrer språklig mangfold

Venstre er godt nøgd med at Kristin Halvorsen no har snudd og held fast på eksamensform og karakterar i nynorsk etter først å ha vore open for dramatiske kutt i nynorskfaget.

Terje Breivik

Foto: Kåre Pettersen

– Det er bra at Kristin Halvorsen no snur og held fast på eksamensform og karakterar i nynorsk. Det sikrar språkleg mangfald og rikdom i språket, seier nestleiar i Venstre Terje Breivik.

– Det er dessutan dokumentert at det å skrive både nynorsk og bokmål styrkjer språkkompetansen, seier Breivik og syner til ei undersøking frå NTNU.

Les også: Å skrive både nynorsk og bokmål styrker språkkompetansen

Dette står i Venstre sitt stortingsvalprogram 2013 -2017:
Sidemålsopplæring skal framleis vere ein del av norskfaget og Venstre vil halde på eigen karakter i sidemål
Venstre vil at sidemål i større grad skal integrerast i andre skulefag enn norskfaget, slik at elevane blir eksponert for båe målformer gjennom heile skulegangen
Venstre vil innføre sidemålsundervising tidlegare i utdanningsløpet enn på ungdomstrinnet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**