Tankar etter kommunestyremøtet

Augon Eika kjem med sitt referat etter kommunestyremøtet midt i juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Dersom ordføraren (med samtykke av oss andre) ikkje hadde kosta på oss ei pause på 20 min., ville møtet vore unnagjort på ganske nøyaktig 2 timar. Er vi i området for rekord all den tid vi snakkar om fullt sakskart? Om dette skal takast som eit teikn på at forsamlinga alt var i feriemodus eller at “alt er greit” skal eg ha usagt.

På toppen av sakskartet var det denne gongen også saker av ikkje uvesentleg tyngd:
– Kostnads- og strukturgjennomgang
– Tertialrapport januar — april
– Planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen
for å nemne nokre av sakene…

Frå fleire hald kunne ein registrere at rapporten for kostnad og struktur hadde gjort stort inntrykk, både på posisjon og opposisjon. Og som det blei sagt frå talarstolen: ein fekk bekrefta både ting ein frå før hadde mistanke om, og ting ein var ganske sikker på (og til og med hadde starta å arbeide med). Kommunestyret var også hovudnikkande til rådmannens forslag til framtidig organisering av den administrative toppleiinga med tre kommunalsjefar. Rapporten inneheld eit punkt der det vert nevnt at overføring av elevane på Folkestad skule til Bø skule bør vurderast – ut frå økonomiske grunnar. Eit tilleggsforslag frå posisjonen om at dette ikkje er eit tema, fekk med seg nesten heile kommunestyret.

Tertialrapporten var nok derimot noko meir “tungfordøyeleg”. Overforbruk samanlikna med budsjett på nokre einingar gjer (nye) utfordringar. Det som er svært gledeleg, er at dei tilsettes representantar som arbeider med saka, er enige i at ting må gjerast, og dei støttar fullt opp om forslag og tiltak. Frå talarstolen gav Bergit ros til dei tillitsvalgte for innstilling og medverknad i prosessen. Vel fortent! I eit så viktig og krevande arbeid er det avgjerande å ha dei tilsette med på laget.

Når det gjaldt planprogrammet som grunnlag for det vidare arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen, var ordføraren veldig opptatt av å ikkje diskutere innhald og sjølve planen, men rammene. Jobben med å legge kjøt på beinet blir det fleire anledningar til ut over hausten — i ulike fora. Eit par konkrete forslag til stryking av mindre punkt i programmet blei likevel “sleppt gjennom” til avstemming, og begge fekk solid fleirtal. (For eiga rekning vil eg uttrykke håp om at den nye planen vil bli ein langt meir aktivt reidskap enn det dagens plan har vore — ref. underskrivar av referatet.)

Gullbring Kulturanlegg as fekk sin underskotsgaranti i forbindelse med utleige av den nye hallen på Bø vgs — og med det var det meste gjort.

God sommar til alle!

Augon — som referent denne gongen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**