Energi, klima og miljø på dagsorden

Av alle viktige saker i politikken både globalt og lokalt, er utfordringane knytt til ressursar, energi og endringane i klimaet, blant dei største. Klimaendringane er meir enn akademiske teoriar og noko berre folk frå andre delar av verda blir råka av; me merkar òg tendensane gjennom eit meir ekstremt vêr i Noreg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


I førre kommunestyremøte tok Torstein Gunnarson og Knut Olav R. Nestås opp tematikken ikring energi, klima og miljø.

ladestasjon02

Foto: www.transnova.no

Innlegget målbar mellom anna det som er nemnt i ingressen, samt to konkrete spørsmål til ordføraren:

– Er ordføraren nøgd med Voss Kommune si gjennomføringsevne i tråd med energi- og klimaplanen?

– Når vil det verta teke intiativ til rullering av energi- og klimaplanen?

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb synte til at det i klimaplanen er mange gode tiltak, men òg at det er tiltak som framleis ikkje er gjennomførte. På bakgrunn av ei spissing i planarbeidet i kommunen, er ikkje energi- og klimaplanen blant dei mest prioriterte planane for rullering. Ordføraren synte til mellom anna Voss Kommunes sitt arbeid med miljøsertifisering, samt mange offentlege institusjonar og private bedrifter sitt arbeid med klima- og miljø, og slo fast: – Me ser at tematikken miljø og klima er på dagsordenen på ein heilt annan måte enn før.

vannkraft

Foto: nn

Venstre er samd med ordføraren i hans vurderingar, og også nøgde med satsinga på mellom anna ladestasjonar for el-bilar, vasskraftproduksjon og den innovative satsinga på klima og miljø gjennom Hordaland Bioenergi.

Venstre vil derimot vera varsame med å nytta ordet «nøgd med» satsinga på energi, klima og miljø. Nøgd er du når du er ferdig med eit godt stykke arbeid, og Voss Kommune har enno langt å gå før me kan fastslå at energi-, klima- og miljøarbeidet er godt nok.

Venstre vil difor følgja opp arbeidet vidare, eksempelvis ved å fremja ei eiga sak om gang- og sykkelvegnettet, som er ei konkret sak som er klima- og miljøvenleg, eit viktig grep for dei framtidige transportutfordringane i og rundt Voss sentrum og som i tillegg vil fremja folkehelsa.

Sykkelsti og gangvei på samme sted

Foto: Joachim Bræk Poppe-Holmdahl

I neste kommunestyremøte vil Venstre difor følgja opp debatten ikring energi, klima og miljø gjennom å ta opp ei mogleg framtidig satsing på gang- og sykkelvegnettet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**