Venstre er de eneste som setter av penger til Ringeriksbanen

Når Stortinget i dag vedtar at Ringeriksbanen skal bygges, følger det ikke penger med til plan og grunn, skriver Bergens Tidende i dag. Kun Venstre avsetter disse midlene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Medan dei andre partia meinar Jernbaneverket sjølv må setje av midlar til plan og grunn, prioriterar Venstre midler til dette i alternativ nasjonal transportplan.

- Det er bra at dei andre partiene snakker fint om Bergens­banen, men inga av desse set av penger til naudsam planlegging og kjøp av grunn der Ringeriksbanen skal kome, seier nestleiar Terje Breivik til Bergens Tidende.

– Ein får mykje att
Overfor avisa Hordaland utdyper Breivik jernbanesatsinga til Venstre. – Ein får mykje att for pengane ved å rusta opp jernbanen, seier Terje Breivik. – Venstre lovar tidenes jernbanelyft sidan bygginga av Bergensbanen. Vi vil bruka 35 milliardar kroner meir på samferdsle enn regjeringa sitt framlegg.

– Transportplanen vår legg opp til tidenes satsing på jernbane og ikkje minst tidenes satsing på Bergensbanen, sidan banen vart bygd. Venstre vil setja av eit par milliardar i fyrste periode, slik at ein får oppstart av Ringerikstunnelen i 2018, I tillegg matchar me regjeringa på å fullføra dobbeltspor Bergen-Arna.

– I realiteten set me i gang full opprusting av Bergensbanen i begge endar, der det er teoretisk mogeleg i første perioden, seier Terje Breivik, Venstre sin toppkandidat i Hordaland.

– Me inviterer dei andre partia til å setja av 400 millionar i fyrste perioden til dobbeltspor Arna-Voss, seier Breivik. – Venstre vil nemleg ikkje at Bergensbanesatsinga skal vera meir enn dobbeltspor Bergen-Arna og Ringeriksbanen. Dobbeltspor også mellom Arna og Voss kan auka frekvensen på lokaltoga og korta ned reisetida på heile strekkja mellom Bergen og Oslo.

– Det viktige no er at det vert sett av pengar i fyrste perioden, slik at ein kjem i gang med arbeidet, seier Breivik.

– Meir transport over på bane, både folk og gods, er vilkår for å løysa klimaproblema. Miljøet vinn på dette, samstundes som ein avlastar presset på vegane.


Les meir på papir Bergens Tidende og avisa Hordaland 18. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**