Parkering ved Hildre Kyrkje

Grunngjeve spørsmål til ordføraren frå Kristian Stråmyr (V). Svar kjem på kommunestyremøtet torsdag 20. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Haram Venstre er kjent med at det ved fleire anledningar oppstår kaos på fv. 659 når det er arrangement ved Hildre Kyrkje. På grunn av ein alt for liten parkeringsplass er det fleire som parkerer bilane sine langs vegen, noko som fører til livsfarlege situasjonar i trafikken. Parkering på denne vegen er ulovlig, og sterkt uheldig. Det er veldig problematisk for tungtransport og det set tryggleiken til mjuke trafikantar på spel. Kva meiner ordføraren om denne praksisen, og kva konkrete forslag har ordføraren for å betre den noverande situasjonen?

Parkeringsplass
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**