På Myldredagane stilte samarbeidspartnerane Venstre, Høgre, Krf og Frp på fellesstand. -Vi presenterer den nye regjeringa, sa venstreleiar Ole Johan Høyberg med glimt i auga under gruppefotograferinga. Han fekk støtte for synet om ei ny regjering etter stortingsvalet samansett av alle dei fire borgarlege partia. -Det er fullt mogleg, dei politiske skilnadane mellom SV og Sp er større enn dei mellom KrF og Frp, sa gruppeleiar Ewa Hildre (H). Blant dei mange frammøtte var det tydleg at dei fleste òg ynskte ei ny regjering, og lurte på kva dei borgarlege partia hadde å tilby.
For Haram Venstre møtte òg gruppeleiar Kristian Stråmyr, som synst at den solrike dagen var ein einaste stor suksess for Venstre og samarbeidspartnerane.