– Alvorleg helsesøstermangel på Voss

Bergens Tidende har synt til helsesøstermangel i Hordaland. Voss er ein av kommunane som kjem særleg dårleg ut. – Altfor mange elevar møter stengde dører og overarbeidde helsesøstrer, seier Mathias Fischer, 3. kandidat til Stortinget for Hordaland Venstre. – Mangel på helsesøstrer gjer skuledagen meir krevjande for elevane, meiner Knut Olav Nestås, leiar i Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Voss Gymnas

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

I ein statusrapport for skulehelsetenesta på vidaregåande skular i Hordaland, kjem det fram at kun 6 av 41 skular når den normerte dekningsgraden for talet på helsesøstrer. I snitt er det ein dekningsgrad på 74%. Sjølve rapporten finn du her

Voss er ein av verstingane i rapporten. For eksempel har Voss gymnas ein dekningsgrad på 25% og Voss vgs. har 35%.

Mathias Fischer

Foto: Kenneth Gudmundsrud

– Dette er skremmande tal. Altfor mange elevar møter stengde dører og overarbeidde helsesøstrer, seier Mathias Fischer. Han etterspør ein statleg opptrappingsplan for skulehelsetenesta og ynskjer 1000 nye helsesøstrer i løpet av den neste fireårsperioden.

– Når helsesøster på Voss gymnas, ein skule med over 300 elevar, kun er tilgjengeleg 4 timar i veka, seier det seg sjølv at tenesta ikkje blir eit lågterskeltilbod for elevane, påpeikar Fischer.

Leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, lovar å ta problemet opp i kommunestyret.

– Mangel på helsesøstrer gjer at små problem blir store, hindrar oss i å fanga opp problem tidleg og gjer skuledagen meir krevjande for elevane, meiner Nestås.

Nestås

Foto: Vidar Herre

– Samstundes er Voss Kommune sin økonomiske situasjon svært vanskeleg, og for å sikra ungdommane eit godt nok tilbod, treng me ein dugnad i fellesskap mellom staten og kommunane, seier Nestås. Venstre-leiaren på Voss peiker på ein opptrappingsplan med nye krav og friske pengar som ein del av løysinga.

– Ei styrking av skulehelsetenesta er eit viktig førebyggingstiltak, blant anna mot rusproblem, seier Fischer. – Rapporten syner at skulane sjølv ynskjer større fokus på psykisk helse. Me treng ein lågare terskel for ungdommar til å søkja hjelp for psykiske problem, avsluttar Hordaland Venstre sin tredjekandidat til valet i haust, Mathias Fischer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**