Referat frå årsmøte

Referat frå årsmøte i Sogndal Venstre den 28. januar 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Stad: Kjellaren i kommunehuset

Saker

1 a) Merknad til innkalling: ingen
1 b) Merknad til sakslista: ingen
1 c) Val av møteleiar: Hans I. Haugen
1 d) Val av referent/skrivar: Maria C. Knagenhjelm
1 e) Val av to medlem til å underskrive møteboka: Eva Ramstad og Trond Hole

Sak 2. Årsmelding, med rapport frå gruppeleiar.

Årsmeldinga frå Sogndal Venstre vart gått i gjennom i plenum, med nokre merknadar. På side to i meldinga kan vi leggje til av Bjørg Rimeslåtten har vore medlem i råd for funksjonshemma og vara til kontrollutvalet delar av perioden. På lista bør også Laila Wigum stå oppført som 6. vara til kommunestyret. Maria C. Knagenhjelm er også oppnemnt som skjønsmann. Med årsmeldinga ligg også ein oppdatert melding frå gruppeleiar Eva Ramstad, og eit bilete frå Sogndal Venstre sin utflukt til Kaupanger i samband med overrekkinga av miljøprisen til Amlabukti grendalag. Det er ca 30 medlemmar i lokallaget.

Sak 3. Rekneskap:

Godkjent av årsmøtet

Sak 4. Kontingent:

For 2013 vert den totale summen kr 300,- for medlemma av Sogndal Venstre, den blir såleis uforandra.

Sak 5. Val av fire utsendingar til fylkesårsmøte.

Fylkesårsmøtet i år er på Skei den 9. og 10. februar. Hans orienterte om av Trine Skei Grande kjem, og det blir spesielt fokus på miljøkampanjen til Venstre. Sogndal Venstre valte Eva, Trond, Hans og Gunnvor til å representere lokallaget i Sogndal.

Sak 6. Matøkt

Sak 7. Val v/ valnemda sin representant Trond Hole.

Innstillinga frå valnemnda vart einstemmig applaudert. Sogndal Venstre ser slik ut for det neste året. Leiar: Hans Haugen. Nestleiar: Maria C. Knagenhjelm. Styremedlem: Jan-Erik Kvåle, Morten Slinde, Eva Ramstad. Varamedlem: Ingunn Torstad Løvik, Laila Wigum, Torbjørn Dale. Revisor: Nils Tore Opheim og Jon Farestveit. Tidlegare nestleiar Ida Johanne Ulvik har eit vikariat i Hyllestad og ønskja seg friteke frå verv i Sogndal Venstre inntil vidare.

8. Politiske fråsegner

Eva Ramstad skal skrive eit innlegg til lokalavisa om økonomien knytt til flytting av Trudvang.

Sak 9. VO-utval (Venstre sitt opplæringsutval)

Styret fungerer som VO-utval. Alle medlem vert oppfordra til å delta på kurs og opplæring i regi av Venstre.

Sak 10. Sogndal Venstre sine viktige sakar framover

Sogndal Venstre vil foreslå Laila Wigum og Hans Haugen til kommunen sin sakskomité for helse og omsorg. Det er også viktig å fokusere på kommuneplanen sin arealdel framover, med både delen om fjordanalyse og om friluftsliv/hytter. Vi gikk også gjennom dei viktigaste sakane til neste formannskapsmøte.

2013-03-16 Maria Knagenhjelm, skrivar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**