Interpellasjon om folkehelse

Folkehelse må involveres i alle ledd, mener Venstre. Derfor har Anne Beth Njærheim fremmet denne interpellasjonen i fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Interpellasjon til fylkestinget 11. juni 2013 fra Anne Beth Njærheim.

Anne-Beth Njærheim

Foto: ukjent

Utkast til planprogram — Regional plan for folkehelsearbeidet i Hordaland vart sendt ut 28.04.2011. I forslag til framdrift var det mål om eit vedtak i junitinget 2012. Planprogrammet vart vedtatt 19.05.11 av fylkesutvalet. Av ulike årsaker er planen forsinka, seinast meldt gjennom meldingsak 20/13 i opplæring og Helseutvalet, samt etter initiativ frå utvalsleiar meldingsak i KURE.

Det vart sett ned 3 arbeidsgrupper som arbeida fram ein rapport, beståande av 3 fagrapportar. Desse vart presentert 14.06.12.

Gruppene hadde følgjande områder:
•Organisering av folkehelsearbeidet i Hordaland
•Helsefremjande samfunnsplanlegging
•Levekår

Tilråding frå gruppa som hadde område Organisering av folkehelsearbeidet i Hordaland hadde fokus på korleis organisere folkehelsearbeidet, og at arbeidet i kommunane bør gjenspegle at rådmann og kommunestyret er ansvarlege for folkehelsearbeidet. Stilling som folkehelsekoordinator bør i størst mogleg grad vere sentral forankra fordi det er eit sektorovergripande arbeid/ansvar. Det er viktig at det er knytt tilstrekkelig legitimitet til arbeidet gjennom støtte frå leiinga. Mellom anna har fleire kommunar folkehelsekoordinator plassert under rådmann direkte, nettopp grunna sektorovergripande ansvar for folkehelsearbeidet.

Nå er ikkje Hordaland fylke sitt forslag til regionale plan for folkehelse handsama ennå, slik at ein ikkje veit kva som står der. Sidan dette er ein sektorovergripande plan har det vært eit ynskje om orientering om planprosessen i Kure sjølv om eigarskapet ligg i utval for opplæring og helse. Det er fordi det er like relevant for dei andre politiske utvala, og det kan komme viktige innspel i prosessen.

Formålet med denne interpellasjonen er likevel organisering av det regionale folkehelsearbeidet og hensiktsmessig organisering i organisasjonen Hordaland Fylkeskommune. Når tilråding frå faggruppen er så tydelig på at det må ha sterk leiartilknytning, og vere plassert i organisasjonen slik at det er tversektoriel innflytelse når det gjeld kommunane, så ser eg IKKJE noko forskjell på korleis dette vert organisert i fylkeskommunen. Ein av grunnane til at det er utval for opplæring og helse som eiger saka, er at dei personar som i dag jobbar med Folkehelse i fylkeskommunen er plassert der.

Vil fylkesordførar ta initiativ til at det vert drøfta korleis fylkeskommunen bør organisere dette arbeidet, og plass i organisasjonen når føringar mot kommunane går på ei sentral forankra plassering? Dette vil og medføre korleis best mogleg forankre dette politisk.

Med vennleg helsing
Anne-Beth Njærheim V

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**