Årsmelding

Les årsmeldinga for 2012 her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Årsmelding 2012 for Sogndal Venstre

Styret har vore samansett slik:

Leiar: Hans I Haugen.
Nestleiar: Ida Johanne Ulvik
Økonomiansvarleg: Morten Slinde.
Systemansvarleg: Jan-Erik Kvåle
Medlem: Eva Ramstad (gruppeleiar).

Varamedlemer:
Maria Knagenhjelm, Ingun Torstad Løvik, Laila Wigum og Torbjørn Dale.

Laget har hatt 7 styremøte og 3 kombinerte styre/medlemsmøte. Møta har vore på kantina på kommunehuset.

Det har i året som har gått vore 3 sammøte med Luster, Lærdal, Leikanger, Vik og Balestrand Venstre. 2 av møta var samarbeid om listekandidatar til stortingsvalet, der Øystein Djupvik, Odd Bovim og Svein Rotevatn var på det eine og fortalde om sine ambisjonar for Venstre frammover. Dyktige Venstrefolk alle tre, der Rotevatn fekk førsteplassen på nominasjonsmøte 3.oktober i Førde.

Andre saker på desse møta har vore samfersle, skule, flyktningar og samhandling.

Det har i også 2012 komme til fleire nye medlemer. Me ynskjer desse velkomne i Sogndal Venstre. Det er ein del magel på innbetaling frå gamle medlemskontigentar så talet betalande medlemer er likevel som før.

I 2012 har Sogndal Venstre vore representert som følgjer:

Kommunestyre:

Eva Ramstad:
Medlem i kommunestyret
Medlem i Formannskapet.
Medlem i valstyret
Medlem i samardeidsutvalet for Kaupanger S
Gruppeleiar for Sogndal Venstre
Varamedlem i administrasjonsutvalet
Medlem i styret for eigedomselsskapet kulturhuset.


Hans I Haugen:

Medlem i kommunestyret.
Vara til formanskapet
Vara til forvaltningsutvalet.
Vara til valstyret
Vara til eldrerådet
Vara til heimevernsnemda.
Vara til sakkunnig takstnemd for eigedomsskatt.

Ida Johanne Ulvik:
1.Vara til kommunestyret
Medlem i sakunnig klagenemd for eigedomsskatt.

Bjørg Rimeslaatten:
2.Vara til kommunestyret
Medlem i råd for funksjonshemma
Vara i kontrollutvalet

Maria Collett Knagenhjelm:
3.Vara til kommunestyret.
Tingrettsdommar

Hanne Haugen:
4.Vara til kommunestyret
Tingrettsdommar og Jordskiftedommar.

Jan-Erik Kvåle:
5.Vara til kommunestyret
Vara til kontrollutvalet

Kristian Systad:
Medlem Sogn Tingrett
Vara til sakkunnig klagenemd for eigedomsskatt.

Ingun Torstad Løvik:
Medlem i innkvarteringsnemd, Tingrettsdommar og Skjønsmann

Gunvor Haugen:
Medlem i innkvarteringsnemd.

Øyvind Barsnes:
Styreleiar Chr.leigh`s legat.

Nils Tore Opheim:
Medlem Henrik Mohn Dahls legat.

Trude Ramstad:
Tingrettsdommar

Sogndal Venstre sine aktivitetar politisk i 2012.
Fleire venstremedlemer har hatt innlegg i lokalavisa. Alle har vore gode og tydlege innlegg om aktuelle saker i nærområdet. Året har ellers bore preg av at det er eit år etter ein hektisk valkamp I 2011.

Kommunestyret hadde 6 møte i 2012, der er få saker, men ein god del orienteringar. Det vert difor lite vedtak og debattar.

Venstre har hatt fleire stilte forslag men komme I mindretal.

Sogndal Venstre har I denne perioden ingen fast medlem I forvaltningsutvalet, men samarbeid med Høgre.
Viser ellers til eiga melding frå gruppeleiar Eva Ramstad.

Miljøprisen 2012.
Sogndal Venstre sin miljøpris var delt ut til Amlabukta grendalag i Kaupanger. Grendalaget har laga eit aktivitetsområde ved ferjekaien med småbåthavn, stupetårn, parkanlegg, sørvisfuksjonar og ballbinge.

For styret
Hans I Haugen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**