Kvifor Venstre?

Venstre set folk først. Vi liker ikkje unødvendig byråkrati og stiv systemtenking. Vi arbeider for eit meir humant og berekraftig samfunn der verdiar blir viktigare. Her får du ein kort presentasjon av Ventres hovudsaker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Satse på kunnskap og like mogelegheiter.
Alle er gode til noko. Skulens viktigaste oppgåve er å gi kvar enkelt elev kunnskap og tru på eigne evner. Venstre vil gi lærerane etterutdanning og tid til å være lærarar. Kvalitet skal stå i fokus frå barnehage til universitet. UiA er den nye drivkrafta på Sørlandet og skal ha same vilkår som dei andre universiteta.

Sikre ei verd vi kan gi vidare.
Klimautfordringane er svært alvorlege, men løysingene er akkurat det vi treng i et bedre samfunn: Betre busstilbud. Satsing på handel og aktivitet i sentrum til sørlandsbyene. Fleire gang- og sykkelveger. Kortreist mat. Lønsam energisparing. Planlegging av ny kystjernbane frå Porsgrunn til Kristiansand og Stavanger. Oljefritt Skagerrak.

kloden vår

Foto: Nasa

Skape verdiar og grøn vekst.
Venstre elsker folk som skaper. Det speler ikkje noko rolle om det er som sjølvstendig kunstner, i ei småbedrift eller i storindustrien. Staten skal støtte opp med tillit, forenklingar, sosiale rettar, risikokapital og midler til forskning. Vi vil satse på nyskaping med kunnskap og fornybare ressursar. Betre veger skal gjere det lettare å jobbe og bo på heile Sørlandet.

Vere varm og raus.
Venstre vil gi kvinnene større plass i arbeids- og samfunnslivet på Sørlandet. Betre levekår krever meir likestilling. Kultur, festivaler og opplevelser gjer livet rikere og skal satsast meir på. Vi set pasienten i sentrum og vil ha ro rundt dei tre sjukehusa våre. Barn skal aldri lide. Difor kjempar vi mot fattigdom og vil gi asylbarn amnesti.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**