Fyrst var det møte på Rådhuset der ordførar Bjørn Sandnes (H) orienterte om Nordøyvegen. Så var det møte med Haram Innovasjonsstudio der Guttorm Ulla gav eit detaljert innblikk i situasjonen for næringslivet i regionen. Sentrale tema var kompetanseheving, kommunikasjonar, integrering og Haramsmodellen (samarbeidet mellom kommune, skule og næringsliv).
Etterpå var det duka for foredrag på Kulturkafeen. Dørum haldt innlegg om Venstre si nøkkelrolle, og stortingskandidat Pål Farstad haldt innlegg om kvifor han skal på Stortinget. Sjå klipp nedst i artikkelen.
Venstre sin andrekandidat Britt Giske Andersen frå Giske Kommune var òg tilstade og gav si heilhjerta støtte til å få Farstad på Stortinget. -Han har så mykje kompetanse og erfaringar som Fylket treng på Stortinget, han har alle dei kvalitetane som Venstre står for avslutta ho.
Til slutt var det valkampansvarlig Ragnhild Helseth som hadde ordet. Ho tok føre seg dei meir praktiske sidene ved valkampen. -I Venstre blir du huka til praktisk arbeid frå første stund, sa ho. Ho mimra over korleis det var som ung å stå på stand, og spreie informasjon om partiet. Ho snakka varmt om dør til dør aksjonar som Dørum er ein tilhengar av.