Venstre vil ha apotek på Manger

Venstre meiner det er behov for apotek på Manger, og ba derfor ordføraren om å ta initiativ til ein dialog med Manger senter om dette i spørjetimen 30.05. Frode Hervik, som tok saka opp, viste til at tilgong til apotekvarer er viktig for folk, og at samhandlingsreforma inneberer nye behov. Samstundes vil eit apotek i seg sjølv vere positivt for utviklinga av Manger.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I følgje tettstadundersøkinga til Hordaland fylkeskommune blir apotekvarer vurdert som nest viktigast å ha tilgang til etter daglegvarer. Samstundes inneber samhandlingsreforma at pasientar raskare skal ut frå sjukehusa for å vidarebehandlast i heimkommunen, noko som også gjer at det er auka behov for tilgang til medisinar. Dessutan vil etablering av eit apotek i seg sjølv vere eit viktig tiltak for å vidareutvikle Manger senter, og vil kunne dempe handelslekkasjen til nabokommunane. Det er såleis mange grunnar for at eit apotek på Manger vil vere positivt for Radøy, men det må også leggjast til at eit apotek er underlagt eit særskilt regelverk, som mellom anna gjer at apotek i distrikta med meir enn 20 km til neste apotek kan få driftsstøtte frå Statens legemiddelverk. Frå Manger til Knarvik er det 21,5 km, og eit eventuelt apotek på Manger vil dermed kunne få ei slik driftstøtte.

Spørsmål:
Vil ordføraren gå i dialog med Manger senter med sikte på å samarbeide om å få etablert eit apotek på Manger?

Ordføraren svara at det vart gjort eit grundig arbeid med dette i 2008, og at det då ikkje lukkast å få etablert eit apotek på Manger. I samband med det nye Rema-bygget kan det likevel vere moglegheitar. For heile svaret til ordføraren, sjå:

http://www.radoy.kommune.no/upload/lokaldemokrati/innkallinger/Sporsmal_og_svar_sporjetimen_30_05_13.pdf

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**