Venstre tok opp gamlevegen over Radøy

Geir Olav Repål som møtte som vararepresentant stilte spørsmål i spørjetimen 30.05 om statusen til prosjektet om å gjere gamlevegen eller langvegen over Radøy tilgjengeleg og skilta. I følgje Radøy Venstre er dette eit glimrande prosjekt, som foreinar tilrettelegging for fysisk aktivitet med kulturhistorie.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I kulturplan for Radøy kommune 2011-2020 er eit av tiltaka å gjera tilgjengeleg og skilta dei delane av den gamle «langvegen» over Radøy, som gjekk frå Alverstraumen til Rossnes, som er mogleg å ta i bruk. Gamlevegen er nemnd tilbake til 1778. Deler av denne er framleis i bruk som turveg, medan andre parti har gått i gløymeboka. Radøy kommune starta eit prosjekt for å merke, rydde og skilte denne vegen i oppfølginga av kulturplanen. Radøy Venstre stiller seg fult og heilt bak dette prosjektet, som foreinar tilrettelegging for fysisk aktivitet med kulturhistorie. Målet bør vere å utvikle den gamle vegen til ein attraksjon. Det krev rydding og restaurering av einskilde parti, skilting og informasjonstavler som fortel historia om vegen. Dette inneberer sjølvsagt også at det må innhentast løyve frå grunneigarane langs vegen. I prosjektet bør det vere rom for å trekkje vekslar på dugnadsinnsats og fylkeskommunale tilskot.

Spørsmål:
Kva er statusen for prosjektet knytt til skilting, merking og rydding av gamlevegen over Radøy på langs?

I svaret vart det lagt vekt på at ein del er gjort, men at det framleis gjenstår ein del arbeid. For heile svaret til rådmannen, sjå:

http://www.radoy.kommune.no/upload/lokaldemokrati/innkallinger/Sporsmal_og_svar_sporjetimen_30_05_13.pdf

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**